I CORINTHIANS
Chapter 3
I Co | NorSMB | 3:1 | Og eg, brør, kunde ikkje tala til dykk som til åndelege, men berre som til kjøtlege, som til nyfødingar i Kristus. | |
I Co | NorSMB | 3:2 | Eg gav dykk mjølk å drikka og ikkje fast føda; for de tolde det ikkje endå. Ja, de toler det ikkje enno, | |
I Co | NorSMB | 3:3 | for de er enno kjøtlege; for når det er ovund og trætta millom dykk, er de då ikkje kjøtlege og ferdast på menneskjevis? | |
I Co | NorSMB | 3:4 | For når ein segjer: «Eg held meg til Paulus,» og ein annan: «Eg til Apollos», er de ikkje då menneskje? | |
I Co | NorSMB | 3:5 | Kva er då Apollos, og kva er Paulus? Tenarar som de kom til trui ved, og det etter som Herren gav kvar for seg. | |
I Co | NorSMB | 3:7 | So er no korkje den noko som planter, eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster. | |
I Co | NorSMB | 3:8 | Den som plantar, og den som vatnar, er eitt, men kvar skal få si eigi løn etter sitt eige arbeid. | |
I Co | NorSMB | 3:10 | Etter den Guds nåde som er meg gjeven, hev eg lagt grunnvoll som ein vis byggmeister, men ein annan byggjer uppå; men kvar sjå til, korleis han byggjer uppå! | |
I Co | NorSMB | 3:12 | Men um nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sylv, dyre steinar, tre, høy, strå, | |
I Co | NorSMB | 3:13 | då skal kvar manns verk verta synbert; for dagen skal syna det, for han vert openberra med eld; og korleis kvar manns verk er, det skal elden prøva. | |
I Co | NorSMB | 3:15 | um nokon manns verk brenn upp, so skal han missa henne; sjølv skal han då verta frelst, men so som gjenom eld. | |
I Co | NorSMB | 3:17 | Tyner nokon Guds tempel, honom skal Gud tyna; for heilagt er Guds tempeler, og det er de. | |
I Co | NorSMB | 3:18 | Ingen dåre seg sjølv! Um nokon millom dykk tykkjest vera vis i denne verdi, lat honom verta ei dåre, so han kann verta vis! | |
I Co | NorSMB | 3:19 | For visdomen som høyrer denne verdi til, er dårskap for Gud. For det stend skrive: «Han fangar dei vise i deira sløgd,» | |
I Co | NorSMB | 3:22 | anten det er Paulus eller Apollos eller Kefas, anten det er verdi eller liv eller daude, anten det er det som no er, eller det som koma skal: alt høyrer dykk til; | |