I CORINTHIANS
Chapter 12
I Co | NorSMB | 12:2 | De veit at då de var heidningar, let de dykk draga til dei mållause avgudarne, etter som de vart dregne. | |
I Co | NorSMB | 12:3 | Difor kunngjer eg dykk, at ingen som talar i Guds Ande, segjer: «Forbanna er Jesus,» og ingen kann segja: «Jesus er Herre,» utan i den Heilage Ande. | |
I Co | NorSMB | 12:8 | For ein fær visdoms tale ved Anden, men ein annan kunnskaps tale ved den same Ande; | |
I Co | NorSMB | 12:9 | ein annan tru ved den same Ande, ein annan nådegåvor til å lækja ved den same Ande; | |
I Co | NorSMB | 12:10 | ein annan kraft til å gjera under, ein annan profetgåva, ein annan gåva til å prøva ånder, ein annan ymse tungor, ein annan tyding av tungor. | |
I Co | NorSMB | 12:11 | Men alt dette verkar ein og den same Ande, som skifter ut til kvar for seg, etter som han vil. | |
I Co | NorSMB | 12:12 | For liksom likamen er ein og hev mange lemer, men alle lemerne på likamen er ein likam, endå dei er mange, soleis er det og med Kristus. | |
I Co | NorSMB | 12:13 | For i ein Ande er me alle døypte til å vera ein likam - anten me er jødar eller grækarar eller trælar eller frie - og alle hev me fenge drikka ein Ande. | |
I Co | NorSMB | 12:15 | Um foten vilde segja: «Då eg ikkje er hand, so høyrer eg ikkje med til likamen,» so høyrer han då like fullt med til likamen. | |
I Co | NorSMB | 12:16 | Og um øyra vilde segja: «Då eg ikkje er auga, so høyrer eg ikkje med til likamen,» so høyrer det då like fullt med til likamen. | |
I Co | NorSMB | 12:17 | Dersom heile likamen var auga, kvar vart det då av høyrsla? Dersom det heile var høyrsla, kvar vart det då av lukti? | |
I Co | NorSMB | 12:21 | Auga kann ikkje segja til handi: «Eg treng ikkje til deg,» eller hovudet til føterne: «Eg treng ikkje til dykk.» | |
I Co | NorSMB | 12:22 | Men tvert imot: dei lemerne på likamen som synest vera veikast, dei er naudsynlege. | |
I Co | NorSMB | 12:23 | Og dei lemerne på likamen som syntest oss mindre æra verde, deim klæder me med større æra; og dei lemerne våre som me blygjest ved, deim klæder me med større blygd. | |
I Co | NorSMB | 12:24 | Men dei lemerne våre som er oss til sømd, dei treng ikkje til det. Men Gud hev sett likamen soleis saman, at han gav det ringaste størst æra, | |
I Co | NorSMB | 12:25 | so det ikkje skal vera tvidrag i likamen, men at lemerne skal hava same umsut for kvarandre. | |
I Co | NorSMB | 12:26 | Og um ein lem lid, so lid alle lemerne med, eller um ein lem vert heidra, so gled alle lemerne seg med. | |
I Co | NorSMB | 12:28 | Og Gud sette i kyrkja fyrst nokre til apostlar, for det andre profetar, for det tridje lærarar, so kraftige verk, so nådegåvor til å lækja, til å hjelpa, til å styra, so ymse tungor. | |