I CORINTHIANS
Chapter 1
I Co | NorSMB | 1:2 | til Guds kyrkjelyd som er i Korint, deim som er helga i Kristus Jesus, som er kalla, heilage, med alle deim som på kvar stad påkallar vår Herre Jesu Kristi namn, både deira og vår. | |
I Co | NorSMB | 1:4 | Eg takkar alltid min Gud for dykk, for den Guds nåde som er dykk gjeven i Kristus Jesus, | |
I Co | NorSMB | 1:7 | so at det ikkje vantar dykk på nokor nådegåva, medan de ventar på vår Herre Jesu Kristi openberring, | |
I Co | NorSMB | 1:8 | han som og skal stadfesta dykk til enden, so de må vera ulastande på vår Herre Jesu Kristi dag. | |
I Co | NorSMB | 1:9 | Gud er trufast, han som de vart kalla ved til samfund med hans Son Jesus Kristus, vår Herre. | |
I Co | NorSMB | 1:10 | Men eg legg dykk på hjarta, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de alle må vera samtykte i dykkar tale, og at de ikkje må vera usamtykkje millom dykk, men at de må vera fullt sameina i same hugen og i same tanken. | |
I Co | NorSMB | 1:11 | For av huslyden hennar Kloe er det fortalt meg um dykk, mine brør, at det er kivsmål millom dykk. | |
I Co | NorSMB | 1:12 | Det er dette eg meiner, at kvar av dykk segjer: «Eg held meg til Paulus,» «eg til Apollos,» «eg til Kefas,» «eg til Kristus.» | |
I Co | NorSMB | 1:13 | Er Kristus sundskift? Er Paulus krossfest for dykk? Eller er det døypte til Paulus’ namn? | |
I Co | NorSMB | 1:16 | Men det er sant, eg døypte og Stefanas’ hus. Elles veit eg ikkje, at eg hev døypt nokon annan. | |
I Co | NorSMB | 1:17 | For Kristus sende meg ikkje ut til å døypa, men til å forkynna evangeliet, ikkje med vise ord, so Kristi kross ikkje skulde missa si kraft. | |
I Co | NorSMB | 1:18 | For ordet um krossen er vel dårskap for deim som vert fortapte, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. | |
I Co | NorSMB | 1:19 | For det stend skrive: «Eg vil tyna visdomen hjå dei vise og spilla vitet hjå dei vituge.» | |
I Co | NorSMB | 1:20 | Kvar er ein vismann? Kvar er ein skriftlærd? Kvar er ein granskar av denne verdi? Hev ikkje Gud gjort visdomen i verdi til dårskap? | |
I Co | NorSMB | 1:21 | For då verdi ved sin visdom ikkje kjende Gud i Guds visdom, so fann Gud for godt ved forkynnings dårskap å frelsa deim som trur, | |
I Co | NorSMB | 1:23 | men me forkynner Kristus krossfest, som er ei avstyggjing for jødar og ein dårskap for grækarar, | |
I Co | NorSMB | 1:24 | men for deim som er kalla, både jødar og grækarar, forkynner me Kristus, Guds kraft og Guds visdom. | |
I Co | NorSMB | 1:26 | Sjå då på dykkar kall, brør! at ikkje mange vise etter kjøtet vart kalla, ikkje mange megtige, ikkje mange høgætta; | |
I Co | NorSMB | 1:27 | men det som er dårlegt i verdi, det hev Gud valt seg ut, so han kunde gjera dei vise til skammar, og det som er veikt i verdi, det hev Gud valt seg ut, so han kunde gjera det sterke til skammar. | |
I Co | NorSMB | 1:28 | Og det som er lågt i verdi og vanvyrdt, det hev Gud valt seg ut, og det som er ingen ting, so han kunde gjera det til inkjes som er noko, | |
I Co | NorSMB | 1:30 | Men av honom er de i Kristus Jesus, som for oss hev vorte visdom frå Gud og rettferd og helging og utløysing, | |