Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
I CORINTHIANS
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 6
I Co NorSMB 6:1  Vågar nokon av dykk, når han hev sak mot ein annan, å søkja dom hjå dei urettferdige og ikkje hjå dei heilage?
I Co NorSMB 6:2  Eller veit de ikkje, at dei heilage skal døma verdi? Og dersom verdi vert dømd av dykk, er de då uverdige til å døma i dei minste saker?
I Co NorSMB 6:3  Veit de ikkje, at me skal døma englar, og då vel mykje meir i timelege ting?
I Co NorSMB 6:4  Når de då hev saker um timelege ting, so set de deim til domarar som er vanvyrde i kyrkjelyden!
I Co NorSMB 6:5  Til skam for dykk segjer eg dette. So finst der då ingen vis mann hjå dykk, ikkje ein einaste som kann skilja trætta for bror sin?
I Co NorSMB 6:6  Men bror fører sak mot bror, og det endå for vantruande domarar.
I Co NorSMB 6:7  Det er no i det heile eit tap for dykk at de hev sak med kvarandre. Kvi lid de ikkje heller urett? Kvi toler de ikkje heller uskil?
I Co NorSMB 6:8  Men de gjer urett og uskil, og det endå mot brør!
I Co NorSMB 6:9  Eller veit de ikkje, at dei urettferdige ikkje skal erva Guds rike? Lat dykk ikkje dåra! Korkje lauslevande eller avgudsdyrkarar eller horkarar eller blautfengne eller slike som syndar mot naturi,
I Co NorSMB 6:10  eller tjuvar eller giruge eller drikkarar eller baktalarar eller røvarar skal erva Guds rike.
I Co NorSMB 6:11  Og slike var sume av dykk; men de er avtvegne, men de er helga, de er rettferdiggjorde ved Herren Jesu namn og i vår Guds Ande.
I Co NorSMB 6:12  Alt hev eg lov til, men ikkje alt gagnar; alt hev eg lov til, men eg skal ikkje lata noko få vald yver meg.
I Co NorSMB 6:13  Maten er for magen, og magen for maten; og Gud skal gjera ende både på den eine og den andre. Men likamen er ikkje for hor, men for Herren, og Herren for likamen.
I Co NorSMB 6:14  Og Gud vekte upp Herren og skal og vekkja oss upp ved si kraft.
I Co NorSMB 6:15  Veit de ikkje, at dykkar likamar er Kristi lemer? Skal eg då taka Kristi lemer og gjera deim til lemer åt ei skjøkja? Langt ifrå!
I Co NorSMB 6:16  Eller veit de ikkje, at den som held seg til skjøkja, er ein likam med henne? For det er sagt: «Dei tvo skal vera eitt kjøt.»
I Co NorSMB 6:17  Men den som held seg til Herren, er ein ande med honom.
I Co NorSMB 6:18  Fly hor! All synd som eit menneskje kann gjera, er utanfor likamen; men den som gjer hor, syndar imot sin eigen likam.
I Co NorSMB 6:19  Eller veit de ikkje, at likamen dykkar er eit tempel for den Heilage Ande som bur i dykk, han som de hev frå Gud, og at de ikkje er dykkar eigne?
I Co NorSMB 6:20  For de er dyrt kjøpte. Æra då Gud i dykkar likam!