I CORINTHIANS
Chapter 10
| I Co | NorSMB | 10:1 | Men eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande um at federne våre var alle under skyi og gjekk alle gjenom havet | |
| I Co | NorSMB | 10:4 | og drakk alle den same åndelege drykken; for dei drakk av det åndelege berget som fylgde deim; og berget var Kristus. | |
| I Co | NorSMB | 10:5 | Men like vel hadde Gud ikkje hugnad i dei fleste av deim; for dei vart nedslegne i øydemarki. | |
| I Co | NorSMB | 10:6 | Men desse ting hev vorte fyredøme for oss, so ikkje me skal trå etter det vonde liksom dei trådde. | |
| I Co | NorSMB | 10:7 | Vert ikkje heller avgudsdyrkarar liksom nokre av deim! som skrive stend: «Folket sette seg ned til å eta og drikka og stod upp til å leika.» | |
| I Co | NorSMB | 10:8 | Lat oss ikkje heller driva hor, liksom nokre av deim dreiv hor og fall på ein dag tri og tjuge tusund! | |
| I Co | NorSMB | 10:9 | Lat oss ikkje heller freista Kristus, liksom nokre av deim freista honom og vart tynte av hoggormar! | |
| I Co | NorSMB | 10:11 | Men dette hende deim som fyredøme, men det er skrive til påminning for oss som dei siste tider er komne til. | |
| I Co | NorSMB | 10:13 | Dykk hev ingi freisting råka som menneskje ikkje kann bera; men Gud er trufast, som ikkje skal lata dykk verta freista utyver det de toler, men skal gjera både freistingi og utgangen slik at de kann halda det ut. | |
| I Co | NorSMB | 10:16 | Velsigningskalken som me velsignar, er han ikkje samfund med Kristi blod? Brødet som me bryt, er det ikkje samfund med Kristi likam? | |
| I Co | NorSMB | 10:17 | Av di der er eitt brød, er me ein likam, endå me er mange; for me er alle samhavande i det eine brødet. | |
| I Co | NorSMB | 10:20 | Nei, men at det dei ofrar, det ofrar dei til vonde ånder og ikkje til Gud; men eg vil ikkje at de skal koma i samfund med dei vonde ånder. | |
| I Co | NorSMB | 10:21 | De kann ikkje drikka kalken til Herren og kalken til vonde ånder; de kann ikkje hava bordsamlag med Herren og bordsamlag med vonde ånder. | |
| I Co | NorSMB | 10:23 | Alt hev eg lov til, men ikkje alt gagnar. Alt hev eg lov til, men ikkje alt uppbyggjer. | |
| I Co | NorSMB | 10:27 | Og um nokon av dei vantruande bed dykk til gjest, og de vil ganga dit, so et alt som vert framsett for dykk, og spør ikkje meir um det for samvitet skuld! | |
| I Co | NorSMB | 10:28 | Men um nokon segjer til dykk: «Dette er avgudsoffer,» so et ikkje, for hans skuld som fortalde det, og for samvitet skuld. | |
| I Co | NorSMB | 10:29 | Samvitet, segjer eg, ikkje eins eige, men samvitet hjå den andre. For kvi skal min fridom dømast av annan manns samvit? | |