Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
I THESSALONIANS
1 2 3 4 5
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 4
I Th NorSMB 4:1  Elles no, brør, bed og påminner me dykk i Herren Jesus, at liksom de hev lært av oss korleis de skal ferdast og tekkjast Gud, som de og gjer, so må de alt meir fremdast deri.
I Th NorSMB 4:2  For de veit kva bod me gav dykk ved Herren Jesus.
I Th NorSMB 4:3  Dette er Guds vilje, dykkar helging: at de skal halda dykk frå utukt;
I Th NorSMB 4:4  at kvar og ein av dykk veit å vinna seg sin eigen make i helging og æra,
I Th NorSMB 4:5  ikkje med ovhug i lyst, so som heidningarne som ikkje kjenner Gud;
I Th NorSMB 4:6  at ingen skal gjera bror sin uskil eller svik i det som han hev å gjera med honom; for Herren er hemnar for alt slikt, som me og fyrr hev sagt og vitna for dykk.
I Th NorSMB 4:7  For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til helging.
I Th NorSMB 4:8  Den som då mismæter dette, han mismæter ikkje eit menneskje, men Gud, som og gjev sin Heilage Ande i dykk.
I Th NorSMB 4:9  Men um broderkjærleiken treng de ikkje til at nokon skriv til dykk; for de er sjølve lærde av Gud til å elska kvarandre;
I Th NorSMB 4:10  for de gjer det og mot alle brørne i heile Makedonia. Men me legg dykk på hjarta, brør, at de alt meir må fremdast deri
I Th NorSMB 4:11  og setja dykkar æra i å liva stilt og taka vare på dykkar eigne saker og arbeida med henderne, som me hev bode dykk,
I Th NorSMB 4:12  so de må ferdast sømeleg med deim som er utanfor, og ikkje trenga til nokon.
I Th NorSMB 4:13  Men eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande um deim som er avsovna, so de ikkje skal syrgja liksom dei andre, som ikkje hev nokor von.
I Th NorSMB 4:14  So sant som me trur at Jesus døydde og stod upp, so skal og Gud ved Jesus føra deim som er avsovna saman med honom.
I Th NorSMB 4:15  For dette segjer me dykk med eit ord av Herren, at me som liver, som vert att til dess Herren kjem, ikkje skal koma i fyrevegen for deim som er avsovna;
I Th NorSMB 4:16  for Herren sjølv skal koma ned frå himmelen med bjodande rop, med yverengels røyst og med Guds basun, for dei som er avlidne i Kristus, skal fyrst standa upp;
I Th NorSMB 4:17  so skal me som liver, som vert att, saman med deim verta rykte i skyer upp i lufti til å møta Herren, og so skal me alltid vera med Herren.