Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
II CORINTHIANS
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13
Prev Up Next
Chapter 4
II C NorSMB 4:1  Difor, då me hev denne tenesta, etter som me hev fenge miskunn, so misser me ikkje modet,
II C NorSMB 4:2  men me hev avsagt dei skamlege løynvegar og gjeng ikkje fram med svikråd eller forfalskar Guds ord, men ved å kunngjera sanningi steller me oss fram for alle manns samvit for Guds åsyn.
II C NorSMB 4:3  Er då enn vårt evangelium dult, so er det dult millom deim som vert fortapte,
II C NorSMB 4:4  dei som guden til denne verdi hev blinda den vantruande hugen på, so ljoset frå evangeliet um Kristi herlegdom, han som er Guds bilæte, ikkje skal skina for deim.
II C NorSMB 4:5  For ikkje oss sjølve forkynnar me, men Kristus Jesus som Herre, men oss sjølve som dykkar tenarar for Jesu skuld.
II C NorSMB 4:6  For Gud, som sagde at ljos skulde skina fram or myrkret, han er den som og let det skina i våre hjarto, so kunnskapen um Guds herlegdom i Jesu Kristi åsyn skulde lysa fram frå oss.
II C NorSMB 4:7  Men me hev denne skatten i leirkjerald, so den rike krafti skal vera av Gud og ikkje av oss,
II C NorSMB 4:8  med di me stødt er i trengsla, men ikkje i stengsla, tvilande, men ikkje mistvilande,
II C NorSMB 4:9  forfylgde, men ikkje uppgjevne, nedslegne, men ikkje tynte,
II C NorSMB 4:10  alltid berande Jesu daude med oss i likamen, at og Jesu liv må verta openberra i vår likam;
II C NorSMB 4:11  for endå medan me liver, vert me alltid yvergjevne til dauden for Jesu skuld, at og Jesu liv må verta openberra i vårt døyelege kjøt.
II C NorSMB 4:12  Soleis er då dauden verksam i oss, men livet i dykk.
II C NorSMB 4:13  Men då me hev den same Ande med trui - etter det som stend skrive: «Eg trudde, difor tala eg» - so trur me og, difor talar me og,
II C NorSMB 4:14  då me veit, at han som vekte upp Herren Jesus, skal og vekkja oss upp med Jesus og stella oss fram med dykk.
II C NorSMB 4:15  For det hender alt for dykkar skuld, so nåden kann vinna so mange fleire og verka rikleg takk til Guds æra.
II C NorSMB 4:16  Difor misser me ikkje modet, men um og vårt ytre menneskje gjeng til grunns, so vert då det indre uppnya dag etter dag.
II C NorSMB 4:17  For vår kortvarande og lette trengsla verkar for oss ei æveleg nøgd av herlegdom i yvermål på yvermål,
II C NorSMB 4:18  med di me ikkje fester oss ved det synlege, men ved det usynlege; for det synlege er timelegt, men det usynlege ævelegt.