JEREMIAH
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
Chapter 19
Jere | NorSMB | 19:1 | So sagde Herren: Gakk og kjøp deg ei krukka av krusmakaren! Tak so med deg nokre av dei øvste av folket og nokre av dei øvste av prestarne, | |
Jere | NorSMB | 19:2 | og gakk ut til Hinnomssons-dalen, som er frammed Krusbrot-porten, og ropa ut der dei ord som eg vil tala til deg! | |
Jere | NorSMB | 19:3 | Du skal segja: «Høyr Herrens ord, de Juda-kongar og Jerusalems-buar! So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, eg sender ei ulukka yver denne staden, so det skal ringja for øyro på kvar den som høyrer det, | |
Jere | NorSMB | 19:4 | sidan dei vende seg frå meg og mismætte denne staden og brende røykjelse der for andre gudar, som dei ikkje kjende, korkje dei sjølve eller federne deira eller Juda-kongarne, og fyllte denne staden med skuldlaust blod, | |
Jere | NorSMB | 19:5 | og bygde Ba’als-haugar til å brenna sønerne sine i eld på, til brennoffer åt Ba’al, slikt som eg korkje hev skipa eller tala um, og som aldri kom meg i hugen. | |
Jere | NorSMB | 19:6 | Difor, sjå, det kjem det dagar, segjer Herren, då denne staden ikkje lenger skal kallast «Tofet» eller «Hinnomssons-dalen», men «Dråpsdalen». | |
Jere | NorSMB | 19:7 | Og Juda og Jerusalem gjer eg rådlause på denne staden, og let deim falla for sverd for deira fiendar og ved deira hand som ligg deim etter livet; og liki deira vil eg gjeva til mat åt fuglarne under himmelen og dyri på jordi. | |
Jere | NorSMB | 19:8 | Og eg vil gjera denne byen til ei skræma og til ei spott; alle som fer framum honom, skal verta forstøkte og hæda yver alle plågorne hans. | |
Jere | NorSMB | 19:9 | Og eg vil lata deim eta kjøtet av sønerne sine og kjøtet av døtterne sine, og dei skal eta kjøtet av kvarandre i den naud og trengsla som deira fiendar og dei som ligg deim etter livet, skal trengja deim med.» | |
Jere | NorSMB | 19:11 | Og du skal segja med deim: «So segjer Herren, allhers drott: Soleis vil eg krasa dette folket og denne byen som ein krasar krusty som ikkje let seg bøta, og i Tofet skal dei gravleggja med di det ikkje bid andre stader til å jorda i. | |
Jere | NorSMB | 19:12 | Soleis vil eg fara åt med denne staden, segjer Herren, og med deim som her bur, so eg gjer denne byen lik Tofet. | |
Jere | NorSMB | 19:13 | Og husi i Jerusalem og husi åt Juda-kongarne skal verta som Tofetstaden, ureine som dei er, alle dei husi der dei uppå taki hev brent røykjelse åt heile himmelheren og rent ut drykkoffer åt framande gudar.» | |
Jere | NorSMB | 19:14 | Og Jeremia kom frå Tofet, dit som Herren hadde sendt honom til å spå, og han stod i fyregarden til Herrens hus og sagde med alt folket: | |