Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JEREMIAH
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 13
Jere NorSMB 13:1  So sagde Herren med meg: Gakk og kjøp deg eit linbelte, og spenn det um lenderne dine, men lat det ikkje koma i vatn!
Jere NorSMB 13:2  Og eg kjøpte beltet etter Herrens ord og spente det um lenderne mine.
Jere NorSMB 13:3  Då kom Herrens ord til meg andre gongen; han sagde:
Jere NorSMB 13:4  Tak beltet som du kjøpte, som er um lenderne dine, og statt upp og gakk til Eufrat, og gøym det der i ei bergriva!
Jere NorSMB 13:5  Og eg gjekk og gøymde det attmed Eufrat, so som Herren hadde bode meg.
Jere NorSMB 13:6  So hende det mange dager etterpå, at Herren sagde med meg: Statt upp og gakk til Eufrat, og tak derifrå det beltet som eg baud deg å gøyma der!
Jere NorSMB 13:7  Og eg gjekk til Eufrat, og eg grov og tok beltet frå den staden der som eg hadde gøymt det. Og sjå, beltet var øydelagt, det var inkje gagn i det meir.
Jere NorSMB 13:9  So segjer Herren: Soleis vil eg gjera ende på det store ovmodet i Juda og Jerusalem.
Jere NorSMB 13:10  Denne vonde lyden, som ikkje vil høyra mine ord, som ferdast etter sitt harde hjarta og fer etter andre gudar, og tener deim og tilbed deim, han skal verta som dette beltet, som det ikkje er gagn i meir.
Jere NorSMB 13:11  For likeins som beltet er fastgjort um mannsens lender, soleis feste eg til meg alt Israels hus og alt Judas hus, segjer Herren, so dei skulde vera mitt folk og vera meg til frægd, til fagnad og pryda; men dei høyrde ikkje.
Jere NorSMB 13:12  Og du skal segja med deim dette ordet: So segjer Herren, Israels Gud: Kvar ei vinkrukka er til å fylla vin på. Då skal dei segja med deg: «Veit me ikkje det då, at kvar ei vinkrukka er til å fylla vin på?»
Jere NorSMB 13:13  Seg då med deim: So segjer Herren: Sjå, eg fyller alle som bur i dette landet, og kongarne som sit på Davids kongsstol, og prestarne og profetarne og alle som bur i Jerusalem, so dei vert drukne.
Jere NorSMB 13:14  Og eg vil krasa deim, kvar mot annan, både federne og borni, alle saman, segjer Herren. Eg vil ikkje spara og ikkje miskunna, og ikkje tykkja synd i deim, men tyna deim.
Jere NorSMB 13:15  Høyr og gjev gaum! Ver ikkje ovmodige! for Herren talar.
Jere NorSMB 13:16  Gjev Herren, dykkar Gud, æra, fyrr han let det myrkna, og fyrr føterne dykkar støyter seg på dei dimme heidar! De stundar på ljos, men han skal gjera det til daudeskugge, og lata det verta stumende myrkt.
Jere NorSMB 13:17  Men vil de ikkje høyra på det, då lyt mi sjæl syrgja i løynd yver slikt eit ovmod, og mitt auga må gråta so tårorne trillar, av di Herrens hjord vert burtførd.
Jere NorSMB 13:18  Seg med kongen og til kongsmori: Set dykk lågt ned! for den prydelege kruna er falli av dykkar hovud.
Jere NorSMB 13:19  Byarne i Sudlandet er stengde, og ingen opnar deim. Alt Juda er ført burt i utlægd, ført burt til siste mannen.
Jere NorSMB 13:20  Lat upp augo dykkar og sjå kor dei kjem nordanfrå! Kvar er no hjordi som du hadde fenge, dei væne sauerne dine?
Jere NorSMB 13:21  Kva vil du segja, når han set til hovdingar yver deg deim som du sjølv hev vant på deg og havt til vener? Skulde du ikkje få flagor, som ei kvinna fær føderider?
Jere NorSMB 13:22  Og um du då segjer i ditt hjarta: «Kvi lyt eg taka imot dette?» - for di store misgjerning er din kjolefald lyft upp, dine hælar nækte med vald.
Jere NorSMB 13:23  Kann ein blåmann skifta si hud eller ein pantar sine flekkjer? Då skulde de og kunna gjera det gode, de som hev vanst til å gjera vondt.
Jere NorSMB 13:24  So vil eg då spreida deim liksom halm som fyk for vind utor øydemarki.
Jere NorSMB 13:25  Dette er luten din, den deilen eg hev etla åt deg, segjer Herren, av di du hev gløymt meg og lit på lygn.
Jere NorSMB 13:26  So vil då eg og lyfta upp din kjolefald yver ditt andlit, so di skam vert synberr.
Jere NorSMB 13:27  Hordomen din og kneggjingi di, den skamlause ulivnaden din uppå haugar på marki, all skjemdarferdi di hev eg set. Usæle Jerusalem! Kor lenge kjem det ikkje endå til å vara fyrr du vert rein!