Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JEREMIAH
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 3
Jere NorSMB 3:1  Dei segjer: Når ein mann sender frå seg kona si, og ho fer frå honom og gifter seg med ein annan mann, kann han då atter koma tilbake til henne? Vilde ikkje det landet verta vanhelga? Med du hev drive hor med mange vener - og so skulde du koma tilbake til meg! segjer Herren.
Jere NorSMB 3:2  Lyft upp augo dine til snaudfjellkollarne og sjå: kvar var det du ikkje vart skjemd? Frammed vegarne sat du og stunda etter deim likeins som ein arab i øydemark, og du vanhelga landet med din horelivnad og vondskap.
Jere NorSMB 3:3  So vart då regnskurerne haldne att; og vårregn kom det ikkje. Men di panna var som på ei horkona: det beid ikkje skam i deg.
Jere NorSMB 3:4  Hev du ikkje nett no kalla på meg og sagt: «Min fader!» «Min ungdomsven er du?»
Jere NorSMB 3:5  «Kann han vilja gøyma på vreide æveleg og harmast for ævelengdi?» Sjå, det tala du, men gjorde det vonde og kunde det med.
Jere NorSMB 3:6  Og Herren sagde med meg i kong Josias dagar: Hev du set kva ho hev gjort, den utrue kvinna Israel? Ho gjekk upp på kvart eit høgt fjell og inn under kvart eit grønt tre og dreiv hor der.
Jere NorSMB 3:7  Og eg sagde: Etter ho hev gjort alt dette, vil ho snu attende til meg, men ho snudde ikkje. Og det såg den utrue kvinna, hennar syster Juda.
Jere NorSMB 3:8  Og eg såg at endå eg hadde sendt frå meg Israel, den fråfalne, og gjeve henne hennar skilsmålsbrev av di ho hadde drive hor, so ottast ikkje hennar utrue syster Juda like vel, men gjekk av stad og dreiv hor ho med.
Jere NorSMB 3:9  Og med sin ubljuge lauslivnad vanhelga ho landet, og ho dreiv hor med stein og med tre.
Jere NorSMB 3:10  Og med alt dette hev hennar utrue syster Juda ikkje snutt um til meg av alt sitt hjarta, men berre læst gjera det, segjer Herren.
Jere NorSMB 3:11  Og Herren sagde med meg: Den fråfalne, Israel, tedde seg rettferdigare enn den utrue, Juda.
Jere NorSMB 3:12  Gakk av stad og ropa ut desse ordi mot nord og seg: Snu då um, du frå falne, Israel, segjer Herren. Eg vil ikkje møta deg med harmfullt andlit, for eg er miskunnsam, segjer Herren, og gøymer ikkje æveleg på vreide.
Jere NorSMB 3:13  Berre kannast ved di misgjerning, at du fall ifrå Herren, din Gud, og på ymse leider for etter framande gudar inn under kvart eit grønt tre, men på mi røyst hev de ikkje lydt, segjer Herren.
Jere NorSMB 3:14  Snu um, de fråfalne born, segjer Herren, for eg er herren dykkar. Og eg vil taka dykk, ein or ein by og tvo av ei ætt, og lata dykk koma til Sion.
Jere NorSMB 3:15  Og eg vil gjeva dykk hyrdingar etter mitt hjarta, og dei skal gjæta dykk med vit og skynsemd.
Jere NorSMB 3:16  Og når de aukar og veks i landet i dei dagarne, segjer Herren, då skal dei aldri meir tala um Herrens sambandskista, ja, ikkje koma henne i hug di heller og ikkje minnast henne og ikkje sakna henne, og dei skal ikkje heller meir gjera seg ei slik.
Jere NorSMB 3:17  I den tidi skal dei kalla Jerusalem Herrens kongsstol, og alle folk skal samlast dit til Herrens namn, til Jerusalem. Og aldri meir skal dei ferdast etter sitt vonde, harde hjarta.
Jere NorSMB 3:18  I dei dagarne skal Juda-huset ganga til Israelshuset, og dei skal koma saman frå Norderlandet til det landet som eg gav federne dykkar til odel.
Jere NorSMB 3:19  Eg sagde då: «Å, kor høgt eg vilde sessa deg millom borni og gjeva deg eit hugnadlegt land, den herlegaste odel millom folki.» Og eg sagde: «De vil ropa til meg: «Min fader!» og ikkje meir skilja lag med meg.»
Jere NorSMB 3:20  Men liksom ei kvinna er utru mot venen sin, soleis hev de vore utrue mot meg, du Israels hus, segjer Herren.
Jere NorSMB 3:21  Ei røyst høyrest på dei snaudfjelli, gråt og bøner frå Israels-borni; for dei hev gjenge på range vegar, dei hev gløymt Herren, sin Gud.
Jere NorSMB 3:22  Snu um, de fråfalne born, so skal eg lækja dykk etter dykkar fråfall. Sjå her, me kjem til deg, for du er Herren, vår Gud.
Jere NorSMB 3:23  Sanneleg, til fåfengs var voni til haugarne, ståket på heidarne. Sanneleg, i Herren, vår Gud, er Israels frelsa.
Jere NorSMB 3:24  Og skjemdar-tinget hev ete upp det federne våre stræva i hop alt frå vår ungdom, deira sauer og kyr, deira søner og døtter.
Jere NorSMB 3:25  Lat oss då liggja i vår skjemd, og lat skammi vår breida seg yver oss! For mot Herren, vår Gud, hev me synda, me og federne våre, alt frå ungdom og til denne dag, og me hev ikkje lydt Herren, vår Guds, røyst.