Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JEREMIAH
Prev Up Next
Chapter 5
Jere NorSMB 5:1  Gakk kringum i gatorne i Jerusalem, og sjå etter og få vita og leita på torgi um de finn einkvar, um det er nokon som gjer rett, som legg vinn på ærlegdom, so vil eg tilgjeva byen.
Jere NorSMB 5:2  Og endå um dei segjer: «So sant som Herren liver,» so gjer dei rang eid like vel.
Jere NorSMB 5:3  Herre, ser ikkje augo dine etter ærlegdom? Du slo deim, men dei anka seg ikkje, du tynte deim, men dei let seg ikkje aga. Dei gjorde andlitet hardare enn stein, dei vilde ikkje venda um.
Jere NorSMB 5:4  Då sagde eg: «Dette er berre småfolk; dei er fåvituge, for dei veit ikkje Herrens veg, sin Guds rett.
Jere NorSMB 5:5  No vil eg ganga til storfolket og tala med deim, for dei veit Herrens veg, sin Guds rett.» Men nettupp dei, alle saman, hev brote sund oket, slite av seg bandi.
Jere NorSMB 5:6  Difor skal løva frå skogen slå deim, vargen frå villmarkerne tyna deim. Panteren ligg og gjæter attmed byarne deira; kvar den som gjeng ut or deim, vert sundriven. For mange er deira forbrot, mangfaldige deira fråfall.
Jere NorSMB 5:7  Kvi skulde då eg gjeva deg til? Borni dine hev vendt seg frå meg og svore ved slikt som ikkje er gud. Og eg metta deim, men dei dreiv hor og flokka seg i skjøkjehuset.
Jere NorSMB 5:8  Som velfødde hestar er dei tidleg ute; kvar ein kneggjar dei åt grannekona si.
Jere NorSMB 5:9  Skulde eg ikkje heimsøkja slikt, segjer Herren, eller skulde mi sjæl ikkje harma seg på eit sovore folk?
Jere NorSMB 5:10  Stig upp på hennar murar og øydelegg, men gjer ikkje reint audt. Riv av hennar vinrankor, dei høyrer ikkje Herren til.
Jere NorSMB 5:11  For dei hev ille svike meg, både Israels hus og Judas hus, segjer Herren.
Jere NorSMB 5:12  Dei hev neitta Herren og sagt: «Det er ikkje han, og nokor ulukka skal ikkje koma yver oss, og sverd og svolt skal me ikkje sjå.
Jere NorSMB 5:13  Og profetarne skal verta til vind, for det er ingen som talar i deim. Soleis skal det ganga med deim sjølve.»
Jere NorSMB 5:14  Difor, so segjer Herren, allhers drott: Sidan de talar slike ord, sjå, so gjera eg mine ord i din munn til ein eld og dette folket til ved, og han skal øyda deim.
Jere NorSMB 5:15  Sjå, eg let eit folk frå eit land langt burte koma yver dykk, Israels hus, segjer Herren, eit sterkt folk er det, eit eldegamalt folk er det, eit folk med eit mål du ikkje kjenner, og ikkje skynar du kva dei segjer.
Jere NorSMB 5:16  Deira pilehus er som ei opi grav, alle saman er dei kjempor.
Jere NorSMB 5:17  Og dei skal eta upp din avle og ditt brød, dei skal tyna dine søner og dine døtter, dei skal eta upp dine sauer og dine naut, dei skal øydeleggja dine vintre og fiketre, dine faste byar, som du lit på, skal dei brjota ned med sverd.
Jere NorSMB 5:18  Men jamvel i dei dagarne, segjer Herren, vil eg ikkje heiltupp øyda dykk ut.
Jere NorSMB 5:19  Og når de då segjer: «Kvi hev Herren, vår Gud, gjort alt dette imot oss?» då skal du segja med deim: «Likeins som de sveik meg og tente framande gudar i dykkar land, so skal de tena framande i eit land som ikkje er dykkar land!»
Jere NorSMB 5:20  Kunngjer dette i Jakobs hus og lat deim få høyra det i Juda og seg:
Jere NorSMB 5:21  Høyr dette, du fåvise og vitlause lyd, som hev augo, men ikkje ser, som hev øyro, men ikkje høyrer.
Jere NorSMB 5:22  Vil de ikkje ottast meg, segjer Herren, eller skjelva for mi åsyn? eg som sette fjøresanden til demma for havet, til eit ævelegt stengje som det ikkje kann fløda yver, som bårorne kjem dynjande imot, men ikkje vinn på, og marmar imot, men ikkje kann fløda yver.
Jere NorSMB 5:23  Men denne lyden hev eit stridigt og tråssugt hjarta, dei hev vike undan og er burtgjengne.
Jere NorSMB 5:24  Og dei hev ikkje sagt i sitt hjarta: «Lat oss ottast Herren, vår Gud, som gjev regn, både haustregn og vårregn, i rett tid, som tek vare på dei visse haustonne-vikorne for oss!»
Jere NorSMB 5:25  Dykkar misgjerningar hev avlaga alt dette, og dykkar synder hev halde det gode burte frå dykk.
Jere NorSMB 5:26  For det finst ugudlege i lyden min, dei legg seg på lur liksom fuglefangarar huker, dei set ut gildra, menneskje veider dei.
Jere NorSMB 5:27  Nett som eit bur fullt av fuglar, so er husi deira fulle av svik; difor er dei store og rike vortne.
Jere NorSMB 5:28  Dei er feite vortne so det skin av deim; dei er breiddfulle med vondt; dei dømer ikkje i nokor sak, hjelpar ikkje den farlause til sin rett, og i fatigmanns sak dømer dei ikkje.
Jere NorSMB 5:29  Skulde eg ikkje heimsøkja for slikt, segjer Herren, eller skulde mi sjæl ikkje hemna seg på eit sovore folk?
Jere NorSMB 5:30  Grysjelege og gruelege ting gjeng fyre seg i landet.
Jere NorSMB 5:31  Profetarne spår lygn, og prestarne er strenge herrar etter deira råd, og lyden min likar det. Men kva vil de gjera når enden på dette kjem?