JEREMIAH
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
Chapter 2
| Jere | NorSMB | 2:2 | Gakk av stad og ropa ut for Jerusalems øyro: So segjer Herren: Eg kjem deg i hug for din elskhug i din ungdom, din kjærleik i dine festarmålsdagar, kor du fylgde meg i øydemarki, i eit land der dei inkje sår. | |
| Jere | NorSMB | 2:3 | Heilagt var Israel for Herren, hans fyrstegrøda. Alle som vilde eta det, laut bøta, ulukka kom på deim, segjer Herren. | |
| Jere | NorSMB | 2:5 | So segjer Herren: Kva hev federne dykkar funne rangt hjå meg, sidan dei hadde seg undan meg og ferdast etter fåfenglege gudar og vart fåfenglege? | |
| Jere | NorSMB | 2:6 | Og dei sagde ikkje: «Kvar er Herren som førde oss ut or Egyptarlandet, som leidde oss i øydemarki, i eit land med heidar og klufter, i eit land med turk og daudeskuggar, i eit land der ingen mann hev fare, og der inkje menneskje hev butt?» | |
| Jere | NorSMB | 2:7 | Og eg let dykk koma inn i eit grøderikt land, so de fekk eta frukti og dei gode ting der. Men då de kom dit inn, sulka de landet mitt og gjorde odelen min til ein styggedom. | |
| Jere | NorSMB | 2:8 | Prestane sagde ikkje: «Kvar er Herren?» Og dei som handsama lovi, kjende meg ikkje, og hyrdingarne fall ifrå meg. Og profetarne spådde ved Ba’al, og etter gagnlause gudar gjekk dei. | |
| Jere | NorSMB | 2:9 | Difor vil eg framleides trætta med dykk, segjer Herren; og med barneborni dykkar vil eg trætta. | |
| Jere | NorSMB | 2:10 | For far yver til Kittim-øyarne og sjå, og send bod til Kedar og høyr vel etter, og sjå um slikt er hendt! | |
| Jere | NorSMB | 2:11 | Hev noko folk bytt burt gudar, endå dei ikkje er gudar? Men mitt folk hev bytt sin herlegdom burt i gagnløysa. | |
| Jere | NorSMB | 2:13 | For tvo illverk hev mitt folk gjort: dei vende seg frå meg, kjelda med livande vatn, og grov seg brunnar, leke brunnar som ikkje held vatn. | |
| Jere | NorSMB | 2:15 | Ungløvor bura imot honom, let ljoma si røyst. Og dei gjorde hans land til ei audn, hans byar vart brende, ingen bur der. | |
| Jere | NorSMB | 2:17 | Hev du ikkje sjølv valda deg dette, med di du vende deg frå Herren, din Gud, då han vilde leida deg på vegen? | |
| Jere | NorSMB | 2:18 | Og no, kva hev du med Egyptarvegen å gjera for å drikka vatn or Sihor? Og kva hev du med Assur-vegen å gjera for å drikka vatn or Elvi? | |
| Jere | NorSMB | 2:19 | Din vondskap agar deg, og dine fråfall refser deg: Kjenn då og sjå at det er vondt og beiskt at du vende deg frå Herren, din Gud, og at du ikkje hev otte for meg, segjer Herren, Allhers-Herren. | |
| Jere | NorSMB | 2:20 | For alt longe sidan braut du sund ditt ok, sleit sund dine band og sagde: «Eg vil ikkje tena.» For på kvar ein høg haug og under kvart eit grønt tre lagde du deg ned og dreiv hor. | |
| Jere | NorSMB | 2:21 | Og eg hadde då planta deg eit godt vintre, alt igjenom av egte sæde; kor kunde du då verta umskapt for meg til villvin av framandt slag? | |
| Jere | NorSMB | 2:22 | For um du so vilde två deg i lut og bruka mykje såpa, so vilde di misgjerning endå vera urein for mi åsyn, segjer Herren, Herren. | |
| Jere | NorSMB | 2:23 | Kor kann du segja: «Utsulka er eg ikkje, etter Ba’alarne hev eg ikkje gjenge?» Sjå på vegen din i dalen! Skyna kva du hev gjort, du lettføtte kamelfylja som løyp til og frå. | |
| Jere | NorSMB | 2:24 | Som ei vill-asna, van med øydemarki, syp ho etter anden i si trå. Brund-giren hennar - kven kann døyva den? Dei som leitar etter henne, tarv ikkje renna seg trøytte; i hennar månad finn dei henne. | |
| Jere | NorSMB | 2:25 | Vara foten din so han ikkje vert berr, og strupen din so du ikkje vert tyrst! Men du segjer: «Rådlaust! Nei, for eg elskar framande,» og etter deim vil eg ganga. | |
| Jere | NorSMB | 2:26 | Liksom tjuven må skjemmast når han vert teken, soleis må Israels hus skjemmast, dei sjølve, kongarne deira, hovdingarne deira og prestarne deira og profetarne deira, | |
| Jere | NorSMB | 2:27 | dei som segjer til treet: «Du er min far,» og til steinen: «Du hev født meg;» for dei hev snutt ryggen til meg og ikkje andlitet. Men når dei er i naud, då ropar dei: «Ris upp og hjelp oss!» | |
| Jere | NorSMB | 2:28 | Kvar er då gudarne dine som du gjorde deg? Lat deim risa upp um dei kann hjelpa deg når du er i naud! For gudarne dine, Juda, er vortne likso mange som byarne dine. | |
| Jere | NorSMB | 2:30 | Til fånyttes slo eg borni dykkar; age tok dei ikkje. Som ei herjande løva gløypte dykkar sverd profetarne dykkar. | |
| Jere | NorSMB | 2:31 | Du ætt, gjev gaum etter Herrens ord! Hev eg vore ei øydemark for Israel eller eit stum-myrkt land? Kvi segjer då lyden min: «Me gjeng lause, me vil aldri meir koma til deg.» | |
| Jere | NorSMB | 2:32 | Gløymer ei møy sin prydnad, ei brur sitt belte? Men lyden min hev gløymt meg i uteljande dagar. | |
| Jere | NorSMB | 2:33 | Kor vel du veit å leggja vegen din til å leita etter elskhug! Difor vandest du og på dine vegar til det vonde. | |
| Jere | NorSMB | 2:34 | Ja, på kjolesnipparne finst det blod av skuldlause armingar: ikkje kom du på deim i innbrot; men av di at alt dette er funne hjå deg. | |
| Jere | NorSMB | 2:35 | Endå segjer du: «Eg er skuldlaus; visseleg hev vreiden hans vendt seg frå meg.» Sjå, eg vil ganga til doms med deg av di at du segjer: «Eg hev ikkje synda.» | |
| Jere | NorSMB | 2:36 | Kvi fer du so langt burt i ei onnor leid? Med Egyptarland og skal du verta til skammar, likeins som du vart til skammar med Assyria. | |