Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JEREMIAH
Prev Up Next
Chapter 38
Jere NorSMB 38:1  Men Sefatja Mattansson og Gedalja Pashursson og Jukal Selemjason og Pashur Malkiason høyrde dei ordi som Jeremia tala til alt folket då han sagde:
Jere NorSMB 38:2  «So segjer Herren: Den som vert verande i denne byen, skal døy for sverd og av svolt og i sott, men den som gjeng ut til kaldæarane, skal liva, han skal njota sitt liv til herfang og liva.
Jere NorSMB 38:3  So segjer Herren: Denne byen skal visseleg verta gjeven i henderne på heren åt Babel-kongen, og han skal taka honom.»
Jere NorSMB 38:4  Då sagde hovdingarne med kongen: «Lat deim drepa denne mannen, etter di han gjer folket modlaust, både hermennerne som er att i denne byen og alt det andre folket, med di han talar slike ord til deim. For denne mannen søker ikkje å gagna dette folket, men å skade det.»
Jere NorSMB 38:5  Då sagde Sidkia: «Sjå, han er i dykkar hender, for kongen magtast ikkje noko imot dykk.»
Jere NorSMB 38:6  Då tok dei Jeremia og kasta honom i brunnen åt kongssonen Malkia, den som var i vaktgarden; dei fira Jeremia ned med tog. Men i brunnen var det ikkje vatn, berre dy, og Jeremia sokk ned i dyet.
Jere NorSMB 38:7  Men ætiopen Ebed-Melek, ein hirdmann som var i kongsgarden, frette at dei hadde kasta Jeremia i brunnen - kongen sat då i Benjaminsporten.
Jere NorSMB 38:8  So gjekk Ebed-Melek ut or kongsgarden og tala til kongen og sagde:
Jere NorSMB 38:9  «Herre konge! Illverk hev desse menner fremja med alt det dei hev gjort mot profeten Jeremia som dei hev kasta i brunnen, og der lyt han døy av svolt, for det finst ikkje meir brød i byen.»
Jere NorSMB 38:10  Då bad kongen ætiopen Ebed-Melek og sagde: «Tak med deg herifrå tretti mann og drag profeten Jeremia upp or brunnen, fyrr han døyr.»
Jere NorSMB 38:11  Og Ebed-Melek tok mennerne med seg og gjekk inn i kongsgarden, i romet under skattkammeret, og tok der fillor av sundrivne og utslitne klæde og fira deim med tog ned i brunnen til Jeremia.
Jere NorSMB 38:12  Sidan sagde ætiopen Ebed-Melek med Jeremia: «Legg fillorne av dei sundrivne og utslitne klædi under armarne dine, under togi!» Og Jeremia gjorde so.
Jere NorSMB 38:13  Dei drog då Jeremia upp med togi og fekk honom upp or brunnen. Og no sat Jeremia i vaktgarden.
Jere NorSMB 38:14  Sidan sende kong Sidkia bod og let henta profeten Jeremia til seg i den tridje inngangen til Herrens hus. Og kongen sagde med Jeremia: «Eg vil spyrja deg um noko; løyn ikkje noko for meg!»
Jere NorSMB 38:15  Jeremia sagde med Sidkia: «Um eg segjer deg det, vil du då ikkje drepa meg? Og um eg gjev deg ei råd, so lyder du ikkje på meg.»
Jere NorSMB 38:16  Då gjorde kong Sedekias eiden sin til Jeremia i dulsmål og sagde: «So sant som Herren liver, han som hev skapt oss i dette vårt liv, vil eg ikkje drepa deg og ikkje gjeva deg i henderne på desse menner som ligg deg etter livet.»
Jere NorSMB 38:17  Då sagde Jeremia med Sidkia: «So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Gjeng du ut til Babel-kongens hovdingar, skal du få liva, og denne byen skal ikkje verta uppbrend i eld, men du skal få liva, du og ditt hus.
Jere NorSMB 38:18  Men gjeng du ikkje ut til Babel-kongens hovdingar, so skal denne byen verta gjeven i henderne på kaldæarane, og dei skal brenna honom upp i eld, og du sjølv skal ikkje koma deg undan deira hender.»
Jere NorSMB 38:19  Då sagde kong Sidkia med Jeremia: «Eg ottast dei jødarne som hev gjeve seg yver til kaldæarane, at eg kunde verta gjeven i deira hender, og dei skulde fara stygt åt med meg.»
Jere NorSMB 38:20  Men Jeremia sagde: «Dei skal ikkje gjera det. Høyr du på Herrens røyst i det eg talar til deg, då skal det ganga deg vel, og du skal få liva!
Jere NorSMB 38:21  Men dreg du deg undan og ikkje gjeng ut, då er dette det ordet Herren hev synt meg:
Jere NorSMB 38:22  Sjå, alle dei kvende som er att i Juda-kongens hus, skal verta førde ut til Babel-kongens hovdingar, og sjå, dei skal segja til deg: «Dine eigne vener hev lokka deg og vunne på deg; då føterne dine sokk ned i dya, drog dei seg undan.»
Jere NorSMB 38:23  Og alle konorne dine og borni dine skal dei leida ut til kaldæarane, og du sjølv skal ikkje sleppa undan deira hender, men Babel-kongen skal taka deg med si hand, og for di skuld skal denne byen verta uppbrend i eld.»
Jere NorSMB 38:24  Då sagde Sidkia til Jeremia: «Lat ingen få vita av denne samrøda, elles vert det din bane!
Jere NorSMB 38:25  Men når hovdingarne fær høyra at eg hev tala med deg, og dei so kjem til deg og segjer med deg: «Seg oss kva du hev tala med kongen! Løyn det ikkje for oss, elles drep me deg! Kva hev kongen tala til deg?»
Jere NorSMB 38:26  då skal du segja med deim: «Eg bar mi audmjuke bøn fram for kongens åsyn, at han ikkje måtte lata meg fara tilbake til Jonatans hus og døy der.»»
Jere NorSMB 38:27  Og alle hovdingarne kom til Jeremia og spurde honom, han svara deim med kvart det ord som kongen hadde bede honom um. Då let dei honom vera i fred, for saki hadde ikkje vorte kjend.
Jere NorSMB 38:28  Og Jeremia sat i vaktgarden alt til den dagen då Jerusalem vart teke.