JEREMIAH
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
Chapter 4
Jere | NorSMB | 4:1 | Um du vender um, Israel, segjer Herren, då skal du få venda attende til meg, og um du hev dine styggjor burt frå mi åsyn, skal du ikkje ljota liva i fredløysa. | |
Jere | NorSMB | 4:2 | Og um du sver: «So sant som Herren liver,» i sanning, med rett og rettferd, då skal heidningfolk velsigna seg i honom og rosa seg i honom. | |
Jere | NorSMB | 4:3 | For so segjer Herren med Juda-mennerne og med Jerusalem: Brjot dykk nybrot, og så ikkje millom klunger! | |
Jere | NorSMB | 4:4 | Umskjer dykk for Herren, og tak burt dykkar hjartans fyrehud, de Juda-menner og Jerusalems-buar, so at harmen min ikkje skal fara ut som eld og brenna so ingen kann sløkkja, for dykkar vonde verk skuld. | |
Jere | NorSMB | 4:5 | Kunngjer i Juda og send bod til Jerusalem og seg: «Blås i lur i landet!» Ropa alt med de vinn, og seg: «Samla dykk og lat oss ganga inn i dei faste borger!» | |
Jere | NorSMB | 4:6 | Set upp hermerke burtåt Sion! Fly undan, stana ikkje! For eg let ulukka koma frå nord med stort tjon. | |
Jere | NorSMB | 4:7 | Ei løva hev rise upp or kjørri si, og ein folke-tynar hev teke ut, er faren heimanfrå og vil gjera landet ditt til ei audn; byarne dine vert lagde i øyde so ingen bur der. | |
Jere | NorSMB | 4:8 | Gyrd dykk difor i sekk, barma dykk og øya dykk! For Herrens brennande vreide hev ikkje vendt seg frå oss. | |
Jere | NorSMB | 4:9 | Og den dagen, segjer Herren, skal kongen og hovdingarne standa rådlause, prestarne skal ræddast og profetarne verta vitskræmde. | |
Jere | NorSMB | 4:10 | Då sagde eg: «Å, Herre, Herre! Ille hev du svike dette folk og Jerusalem då du sagde: «Fred skal de hava» - og no gjeng sverd inn til sjæli.» | |
Jere | NorSMB | 4:11 | I den tidi skal det verta sagt med dette folk og med Jerusalem: Ein glodheit vind frå snaudkollarne i øydemarki kjem imot mitt folks dotter, ikkje til å kasta korn med og ikkje til å dryfta med. | |
Jere | NorSMB | 4:12 | Ein vind, sterkare enn til slikt, vil eg lata koma; no vil eg og segja domen mot deim. | |
Jere | NorSMB | 4:13 | Sjå, lik skyer kjem han upp farande, og lik eit stormver er hans vogner, fljotare enn ørnar er hans hestar: Usæle me! Det er ute med oss. | |
Jere | NorSMB | 4:14 | Två vondskapen av ditt hjarta, Jerusalem, so du kann verta frelst. Kor lenge skal dine synduge tankar bu i ditt brjost? | |
Jere | NorSMB | 4:16 | Lat folki få vita det, sjå til og lat Jerusalem få høyra det; umlægringsmenner kjem frå eit land langt undan og set i og ropar mot byarne i Juda. | |
Jere | NorSMB | 4:17 | Likeins som markevaktarar sit dei og gjæter på henne rundt ikring; for mot meg hev ho vore tråssug, segjer Herren. | |
Jere | NorSMB | 4:18 | Di åtferd og dine gjerningar hev valda deg dette; dette hev du for vondskapen din, at det er beiskt, at det gjeng alt inn til ditt hjarta. | |
Jere | NorSMB | 4:19 | Å bringa mi, bringa mi! Eg skjelv av verk, hjarteverk. Mitt hjarta bankar i meg, eg kann ikkje tegja. For lurljom, herrop hev du høyrt, mi sjæl. | |
Jere | NorSMB | 4:20 | Tjon på tjon vert det ropa, for alt landet er i øyde lagt; dåtteleg er tjeldi mine øydelagde, i ein augneblink tjelddukarne mine. | |
Jere | NorSMB | 4:22 | For lyden min er fåvis, meg kjenner dei ikkje; uvituge born er dei, og dei er utan skyn; vise er dei til å gjera vondt, men dei hev ikkje vit på å gjera godt. | |
Jere | NorSMB | 4:23 | Eg såg jordi, og sjå, ho var aud og øydi, og til himmelen såg eg, og ljoset hans var kvorve. | |
Jere | NorSMB | 4:25 | Eg såg, og sjå, det fanst ikkje eit menneskje, og alle himmelens fuglar hadde floge burt. | |
Jere | NorSMB | 4:26 | Eg såg, og sjå, det grøderike landet var ei øydemark, og alle byarne var nedrivne av Herren, av hans brennande harm. | |
Jere | NorSMB | 4:27 | For so segjer Herren: Ei audn skal heile landet verta, men reint audt vil eg ikkje gjera det. | |
Jere | NorSMB | 4:28 | Difor skal landet syrgja og himmelen der uppe klæda seg i svart, av di eg hev sagt det, tenkt det so, og eg angrar det ikkje og gjer det ikkje um att. | |
Jere | NorSMB | 4:29 | For gnyen av ridarar og bogeskyttarar flyr kvar ein by; dei gjeng inn i skogarne og stig upp på hamrarne. Alle byar er folketome, ingen bur i deim. | |
Jere | NorSMB | 4:30 | Og du, når du vert øydelagd, kva vil du då gjera? Endå um du klæder deg i purpur og pryder deg med gull-prydnad og gjer augo dine store med sminka, so er det fåfengt at du gjer deg fager; dine elskarar vanvyrdar deg, dei stend deg etter livet. | |