JEREMIAH
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
Chapter 39
Jere | NorSMB | 39:1 | Men dette hende då Jerusalem var teke: I det niande styringsåret åt Juda-kongen Sidkia, i den tiande månaden, kom Nebukadnessar, Babel-kongen, og all hans her til Jerusalem og kringsette det. | |
Jere | NorSMB | 39:2 | I det ellevte styringsåret åt Sidkia, i den fjorde månaden, den niande dagen i månaden, braut dei inn i byen. | |
Jere | NorSMB | 39:3 | Og alle hovdingarne åt Babel-kongen kom og sette seg i Midporten: Nergal-Sareser, Samgar-Nebu, Sarsekim, den øvste hirdmannen, Nergal-Sareser, den øvste av vismennerne, og alle dei hine hovdingarne åt Babel-kongen. | |
Jere | NorSMB | 39:4 | Men då Sidkia, Juda-kongen, og alle hermennerne såg deim, flydde dei og for um natti ut or byen på vegen til kongshagen gjenom porten millom båe murarne, og heldt leidi til øydemarki. | |
Jere | NorSMB | 39:5 | Men kaldæarheren sette etter deim og nådde Sidkia på Jerikomoarne. Og dei tok honom og førde honom upp til Nebukadnessar, Babel-kongen, i Ribla i Hamat-bygdi, og han sagde domen yver honom. | |
Jere | NorSMB | 39:6 | Og Babel-kongen let sønerne åt Sidkia drepa i Ribla framfor augo på honom. Sameleis let Babel-kongen alle stormennerne i Juda drepa. | |
Jere | NorSMB | 39:8 | Og kaldæarane brende upp i eld både kongsgarden og folkehuset, og murarne kring Jerusalem reiv dei ned. | |
Jere | NorSMB | 39:9 | Og Nebuzaradan, hovdingen for livvakti, førde burt til Babel den leivningen av folket som var etter i byen, og rømingarne som hadde gjeve seg med honom, og den leivningen av folket som dessforutan var att. | |
Jere | NorSMB | 39:10 | Men av ålmugefolk som inkje åtte, let Nebuzaradan, hovdingen for livvakti, nokre etter i Judalandet, og gav deim samstundes vinhagar og åkrar. | |
Jere | NorSMB | 39:11 | Og Nebukadressar, Babel-kongen, gav Nebuzaradan, hovdingen for livvakti, påbod um Jeremia og sagde: | |
Jere | NorSMB | 39:12 | Tak honom og sjå til med honom og gjer honom ikkje noko ilt, men gjer med honom so som han segjer med deg! | |
Jere | NorSMB | 39:13 | Då sende Nebuzaradan, hovdingen for livvakti, og Nebusazban, den øvste hirdmannen, og Nergal-Sareser, den øvste av vismennerne, og alle hine Babel-kongens hovdingar | |
Jere | NorSMB | 39:14 | - dei sende bod og let henta Jeremia frå vaktgarden og gav honom til Gedalja, son åt Ahikam Safansson, at han skulde taka honom med seg heim; soleis vart han då verande hjå folket. | |
Jere | NorSMB | 39:15 | Men til Jeremia hadde Herrens ord kome medan han sat innestengd i vaktgarden; han hadde sagt: | |
Jere | NorSMB | 39:16 | Gakk og seg til ætiopen Ebed-Melek: So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, eg let koma det eg hev tala mot denne byen, til ulukka og ikkje til lukka, og det skal henda framfor augo dine den dagen. | |
Jere | NorSMB | 39:17 | Men deg vil eg berga den dagen, segjer Herren, og du skal ikkje verta gjeven i henderne på dei menner som du ræddast. | |