JOSHUA
Chapter 11
Josh | NorSMB | 11:1 | Då Jabin, kongen i Hasor, fekk spurt dette, sende han bod til Jobab, kongen i Madon, og til kongen i Simron og kongen i Aksaf | |
Josh | NorSMB | 11:2 | og dei andre kongarne der nord, i fjellbygderne og på moarne sunnanfor Kinnerot og på låglandet og på Dorhøgderne utmed havet - | |
Josh | NorSMB | 11:3 | til kananitarne, både i aust og i vest, og til amoritarne og hetitarne og perizitarne og jebusitarne uppi fjelli, og hevitarne nedunder Hermon, i Mispalandet. | |
Josh | NorSMB | 11:4 | Då tok dei ut med alle herarne sine, ein hop so tett som sanden på havsens strand, med hestar og vogner i haugetal. | |
Josh | NorSMB | 11:5 | Alle desse kongarne sette einannan stemna, og for til Meromvatnet; der lægra dei seg alle i hop, og vilde stridast med Israel. | |
Josh | NorSMB | 11:6 | Då sagde Herren til Josva: «Ver ikkje rædd deim! I morgon dette bil legg eg deim alle drepne framfor augo åt Israel. Du skal skjera sund hasarne på hestarne deira og brenna upp vognerne!» | |
Josh | NorSMB | 11:8 | Og Herren gav deim i Israels hender; Israels-sønerne vann yver deim og sette etter deim alt til Stor-Sidon og Misrefot-Majim og i aust alt til Mispedalen, og hogg deim ned, so ingen vart att eller slapp undan. | |
Josh | NorSMB | 11:9 | Og Josva for åt med deim som Herren hadde sagt til honom; hestarne deira skar han hasarne sund på, og vognerne brende han upp. | |
Josh | NorSMB | 11:10 | Med so gjort snudde han um, og tok Hasor og hogg ned kongen som budde der; for Hasor var fyrr i tidi hovudstaden for alle desse riki. | |
Josh | NorSMB | 11:11 | Dei bannstøytte byen, og tynte med odd og egg kvart mannsbarn som der fanst; det vart ikkje livande liv att. Josva brende upp Hasor; | |
Josh | NorSMB | 11:12 | sidan tok han alle dei andre kongebyarne med kongarne deira, og øydde deim med odd og egg; han bannstøytte deim, soleis som Moses, Herrens tenar, hadde sagt honom fyre. | |
Josh | NorSMB | 11:13 | Men ingen av dei byarne som låg der på høgderne, sette israelitarne eld på; det var berre Hasor Josva brende upp. | |
Josh | NorSMB | 11:14 | Og alt herfanget og bufeet Israels-sønerne tok i desse byarne, eigna dei til seg; men folki tynte dei med odd og egg, til dei hadde rudt deim ut; dei sparde ikkje eit einaste liv. | |
Josh | NorSMB | 11:15 | Det som Herren hadde sagt Moses, tenaren, sin fyre, det hadde Moses sagt med Josva, og etter det gjorde Josva; han gløymde ikkje noko av alt det Herren hadde sagt til Moses. | |
Josh | NorSMB | 11:16 | Soleis tok Josva heile dette landet, både fjellbygderne og heile Sudlandet og heile Gosenlandet og låglandet og moarne og fjellbygderne i Israel og flatlandet som ligg nedunder deim, | |
Josh | NorSMB | 11:17 | frå svadknausen som ris upp yver Se’ir, til Ba’al-Gad i Libanonsdalen, nedunder Hermonfjellet; og alle kongarne der fanga han, og slo deim i hel. | |
Josh | NorSMB | 11:19 | Det fanst ingen by som gav seg under Israels-sønerne med gode, utan hevitarne i Gibeon; alt hitt tok dei med magt. | |
Josh | NorSMB | 11:20 | Herren laga det so at dei gjorde seg harde i hugen og møtte Israel i strid, av di han vilde at dei skulde bannstøytast og ingen nåde få, men øydast ut, soleis som han hadde sagt med Moses. | |
Josh | NorSMB | 11:21 | I den same tidi kom Josva og rudde ut anakitarne i fjellbygderne, i Hebron og Debir og Anab, og på heile Judafjellet og heile Israelsfjellet. Han bannstøytte både deim og byarne deira. | |
Josh | NorSMB | 11:22 | Ingen anakit vart att i Israelslandet, berre dei som var i Gasa og Gat og Asdod, fekk liva. | |