Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JUDGES
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 10
Judg NorSMB 10:1  Etter Abimelek stod Tola fram, og berga Israel. Han var son åt Pua Dodoson av Issakars-ætti, og budde i Samir på Efraimsheidi.
Judg NorSMB 10:2  Han styrde i Israel i tri og tjuge år. So døydde han og vart gravlagd i Samir.
Judg NorSMB 10:3  Etter han stod Ja’ir frå Gilead fram, og styrde Israel i tvo og tjuge år.
Judg NorSMB 10:4  Han hadde tretti søner; dei reid på tretti asenfolar, og åtte tretti tjeldbyar, som endå i dag vert kalla Ja’irsbyarne; dei ligg i Gileadlandet.
Judg NorSMB 10:5  Då Ja’ir døydde, vart han gravlagd i Kamon.
Judg NorSMB 10:6  Men Israels-borni gjorde atter det som var Herren imot, og dyrka Ba’als- og Astarte-bilæti og Arams-gudarne og Sidons-gudarne og Moabs-gudarne og ammonitargudarne og filistargudarne; dei vende seg frå Herren, og dyrka ikkje honom.
Judg NorSMB 10:7  Då vart Herren brennande harm på Israel. Han slepte dei i henderne på filistarane og ammonitarne,
Judg NorSMB 10:8  og dei tok same året til å trengja og trælka Israels-sønerne; i attan år trengde dei alle Israels-sønerne som budde på hi sida Jordan, i Amoritarlandet, i Gilead;
Judg NorSMB 10:9  dei sette jamvel yver Jordan, og stridde mot Juda og Benjamin og mot Efraims-ætti, og Israel kom i stor naud.
Judg NorSMB 10:10  Då ropa Israels-sønerne til Herren og sagde: «Me hev synda mot deg! Me hev vendt oss frå vår Gud og dyrka Ba’als-bilæti!»
Judg NorSMB 10:11  Og Herren sagde til Israels-sønerne: «Hev eg ’kje berga dykk frå egyptarane og frå amoritarne, frå Ammons-sønerne og frå filistarane?
Judg NorSMB 10:12  Og då sidonarane og amalekitarne og maonitarne plåga dykk, og de ropa til meg, berga eg dykk frå deim og.
Judg NorSMB 10:13  Men de vende dykk frå meg, og dyrka andre gudar; difor vil eg ikkje hjelpa dykk meir.
Judg NorSMB 10:14  Gakk burt og kalla på dei gudarne som de hev valt! Lat deim hjelpa dykk no de er i slik naud!»
Judg NorSMB 10:15  Då sagde Israels-sønerne til Herren: «Me hev synda! Gjer med oss som du synest, berre du vil hjelpa oss denne gongen!»
Judg NorSMB 10:16  So hadde dei frå seg dei framande gudarne og tente Herren; då kunde han ikkje tola å sjå på Israels naud.
Judg NorSMB 10:17  Ammons-sønerne baud ut heren sin, og lægra seg i Gilead. Då samla Israels-sønerne seg og slo læger i Mispa.
Judg NorSMB 10:18  Og herfolket, Gileads-fyrstarne, sagde seg imillom: «Kvar er den mannen som vil ganga fyrst i striden mot ammonitarne? Han skal vera hovding yver alle Gileads-buarne!»