NAHUM
Chapter 3
Nahu | NorSMB | 3:1 | Usæl du blod-by, som all igjenom er full av lygn og vald, du som aldri held upp med å rana. | |
Nahu | NorSMB | 3:3 | Ridar i tvisprang og logande sverd og blinkande spjot! Drepne i mengd og dungar av daude kroppar. Ingen ende er det på daude. Ein snåvar i lik. | |
Nahu | NorSMB | 3:4 | Alt dette for den mangfelte hordomen som ho dreiv, ho, den fagre og trollkunnige skjøkja, som selde folkeslag ved hordomen sin og folke-ætter ved trolldomskunsterne sine. | |
Nahu | NorSMB | 3:5 | Sjå, eg skal venda meg mot deg, segjer Herren, allhers drott. Eg skal lyfta kjolefalden din upp yver andlitet ditt og syna folkeslagi blygsli di og kongeriki skammi di. | |
Nahu | NorSMB | 3:7 | Og kvar og ein som ser deg, skal fly frå deg og segja: «Nineve er lagt i øyde. Men kven kann tykkja synd i henne? Kvar skal eg søkja trøystarar åt deg?» | |
Nahu | NorSMB | 3:8 | Er du betre enn No-Amon, som låg ved Nilelvi, umringa av vatn, med hav til vern, hav til mur? | |
Nahu | NorSMB | 3:9 | Ætiopar i mengd og uteljande egyptarar; Put-menner og Libya-menner var hjelpeheren hennar. | |
Nahu | NorSMB | 3:10 | Ho og laut ganga ut i utlægd, sitja fange. Småborni hennar vart krasa på alle gatehyrno. Um alle gjævingarne hennar kasta dei lut, og alle hennar stormenner vart sette i jarn. | |
Nahu | NorSMB | 3:12 | Alle dine borger likjest på fiketre med snar-mogne fikor; ved minste skaking dett dei i munnen på den som vil eta. | |
Nahu | NorSMB | 3:13 | Sjå, ditt mannskap er kvinnfolk midt i deg. Portarne til landet ditt stend vidopne for dine fiendar. Elden hev øydt upp dine portslåer. | |
Nahu | NorSMB | 3:14 | Aus deg vatn til kringsetjingi! Vøl um dine skansar! Gakk ut gyrma og stampa leira! Triv tiglsteinsformi! | |
Nahu | NorSMB | 3:15 | Der skal elden eta deg, sverdet øyda deg ut, ja, øyda deg som engspettor, um du og sjølv samlar skarar so tallause som engspettor, ei ovmengd som grashoppar. | |
Nahu | NorSMB | 3:16 | Um du og hev kræmarar fleire enn stjernor på himmelen, so skal du vita: engspettor skyt hamen og flyg burt. | |
Nahu | NorSMB | 3:17 | Ja, fyrstarne dine er som grashoppar og hovdingarne dine som svermar av engtytor; dei slær læger i hegni med det er svalt. Men når soli kjem fram, flyg dei burt, og ingen veit kvar det vert av deim. | |
Nahu | NorSMB | 3:18 | Hyrdingarne dine blundar, du Assur-konge, gjævingarne dine søv. Folket ditt sundsprengt på fjelli, og ingen samlar det saman. | |