Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
RUTH
1 2 3 4
Prev Up Next
Chapter 3
Ruth NorSMB 3:1  Og No’omi, vermor hennar, sagde til henne: «Dotter mi, eg vil sjå til å hjelpa deg, so du kann finna ein kvilestad, der du kann få det godt.
Ruth NorSMB 3:2  Høyr no: Boaz, som du hev vore saman med tenestgjentorne åt, han er frenden vår. No i natt kastar han bygg på treskjestaden sin.
Ruth NorSMB 3:3  Vaska deg no og salva deg; klæd so på deg og gakk ned på plassen. Men lat honom ikkje sjå deg fyrr han hev ete og drukke.
Ruth NorSMB 3:4  Når han legg seg, sjå so etter kvar han legg seg. Gakk dit og lyft upp klædet nedmed føterne hans, og legg deg der! då vil han segja deg sjølv kva du skal gjera!»
Ruth NorSMB 3:5  Ho svara henne: «Alt det du segjer, vil eg gjera.»
Ruth NorSMB 3:6  Og ho gjekk ho ned på treskjarplassen og gjorde alt so som vermor hennar hadde sagt ho skulle gjera.
Ruth NorSMB 3:7  Då Boaz hadde ete og drukke, var han i godlag og lagde seg attmed kornhaugen; då gjekk ho stilt dit og lyfte upp klædet nedmed føterne hans, og lagde seg der.
Ruth NorSMB 3:8  Ved midnattsleite vart mannen uppskræmd og bøygde seg framyver, og so fekk han sjå at det låg ei kvinna nedmed føterne hans.
Ruth NorSMB 3:9  «Kven er du?» sagde han. Ho svara: «Eg er Rut, trælkvinna di; breid ut vengjerne dine yver trælkvinna di, for du er løysingsmannen min.»
Ruth NorSMB 3:10  Då sagde han: «Herren velsigne deg, dotter mi! Du hev no synt større kjærleik enn fyrr, for du hev ikkje rent etter unge menner, korkje fatige eller rike.
Ruth NorSMB 3:11  Ver no ikkje rædd, dotter mi! Alt det du segjer, vil eg gjera; for alt folket i byen veit at du er ei dygdefull kvinna.
Ruth NorSMB 3:12  Det er no sant og visst at eg er løysingsmannen din; men det er ein annan løysingsmann som er næmare enn eg.
Ruth NorSMB 3:13  Ver no her i natt; vil han då i morgon løysa deg, so lat honom gjera det; men hev han ikkje hug til å løysa deg, so skal eg gjera det, so sant Herren liver! Ligg no her til morgons!»
Ruth NorSMB 3:14  So låg ho då nedmed føterne hans til morgons; men ho stod upp fyrr den eine kunde skilja den andre greidt; for han tenkte: «Det må ikkje nokon vita at kvinna hev kome hit til treskjarplassen.
Ruth NorSMB 3:15  Og han sagde: Kom med kåpa du hev på deg, og haldt henne fram!» Og ho hene fram. Då mælte han i seks mål bygg og gav henne; dermed gjekk ho inn i byen.
Ruth NorSMB 3:16  Og då ho kom til vermor si, sagde ho: «Korleis hev det gjenge, dotter mi?» Då fortalde ho henne alt det mannen hadde gjort mot henne.
Ruth NorSMB 3:17  Og ho sagde: «Desse seks måli med bygg gav han meg og sagde: «Du skal ikkje koma tomhendt heim til vermor di.»»
Ruth NorSMB 3:18  Då svara ho: «Haldt deg no roleg, dotter mi, til du fær sjå korleis det gjeng! for den mannen gjev seg ikkje fyrr han fær avgjort saki i dag.»