DEUTERONOMY
Chapter 25
Deut | NorSMB | 25:1 | Når folk som ligg i trætta med kvarandre, møter fram for retten, og fær dom i saki, og domen lyder so, at den eine hev rett og den andre hev urett, | |
Deut | NorSMB | 25:2 | og at den som hev urett, skal hava hogg, so skal dei leggja honom ned, og domaren skal sjå på at dei gjev honom so mange slag som svarar til brotet han hev gjort. | |
Deut | NorSMB | 25:3 | Fyrti slag kann dei slå honom, ikkje fleire; for gjev dei honom mange fleire slag, vert han ærelaus for dykk. | |
Deut | NorSMB | 25:5 | Når brør bur i hop, og ein av deim døyr sonlaus, då må ikkje enkja etter den avlidne gifta seg ut or ætti og taka ein framand til mann; men verbror hennar skal festa henne, og taka henne til kona, og bu i hop med henne i staden for bror sin. | |
Deut | NorSMB | 25:6 | Og den fyrste sonen ho fær, skal kallast for son åt den avlidne broren, so ikkje namnet hans skal døy ut i Israel. | |
Deut | NorSMB | 25:7 | Men hev ikkje verbroren hug til å gifta seg med enkja, so skal ho ganga fram på tinget for styresmennerne og segja: «Verbror min neittar å reisa upp att namnet åt bror sin i Israel; han vil ikkje gifta seg med meg.» | |
Deut | NorSMB | 25:8 | Då skal styresmennerne i heimbygdi hans kalla honom fyre seg, og telja for honom; og stend han endå på det at han ikkje vil hava brorkona si, | |
Deut | NorSMB | 25:9 | so skal ho ganga burt til honom so styresmennerne ser på det, og draga skoen av foten hans, og sputta honom i andlitet og segja desse ordi: «So skal ein fara åt med den som ikkje vil byggja upp att huset åt bror sin.» | |
Deut | NorSMB | 25:11 | Når menner ryk i hop og slæst, og kona åt ein av dei spring burtåt og vil hjelpa mannen sin, og so grip den som slær honom, i blygsli, | |
Deut | NorSMB | 25:15 | Rett og gild vegt og rett og gildt mål skal du hava. Då skal du få liva lenge i det landet som Herren, din Gud, gjev deg. | |
Deut | NorSMB | 25:17 | Kom i hug korleis amalekitarne for åt med dykk då de var på ferdi frå Egyptarland, | |
Deut | NorSMB | 25:18 | korleis dei kom yver dykk på vegen, medan de var trøytte og mode, og hogg ned deim som for attarst i heren dykkar, alle deim som var veike og hadde gjeve seg etter; so lite ottast dei Gud! | |