II CHRONICLES
Chapter 8
II C | NorSMB | 8:2 | bygde Salomo upp dei byarne som Huram hadde late frå seg til honom, og let Israels-sønerne busetja seg i deim. | |
II C | NorSMB | 8:5 | Sameleis bygde han Øvre Bet-Horon og Nedre Bet-Horon til festningar med murar, portar og portbommar, | |
II C | NorSMB | 8:6 | og Ba’alat og forrådsbyarne som Salomo hadde, alle vognbyarne og hestbyarne og alt det andre som Salomo hadde hug til å byggja i Jerusalem, på Libanon og i heile sitt rike. | |
II C | NorSMB | 8:7 | Alt det folket som fanst att av hetitarne, amoritarne, perizitarne, hevitarne og jebusitarne, som ikkje var av Israels-folket, | |
II C | NorSMB | 8:8 | av sønerne åt deim som hadde vorte att etter deim i landet, av di Israels-sønerne ikkje hadde gjort ende på deim, av deim var baud Salomo ut til pliktarbeid, og soleis hev det vore til den dag i dag. | |
II C | NorSMB | 8:9 | Men av Israels-sønerne gjorde Salomo ingen til arbeidstrælar, men dei vart herfolk, hovdingar for kjemporne hans og hovdingar yver stridsvognerne og hestfolket hans. | |
II C | NorSMB | 8:11 | Dotter åt Farao førde kong Salomo frå Davidsbyen til det huset han hadde bygt åt henne; for han sagde: «Ingi kvinna må bu i huset åt David, Israels konge; for desse staderne er heilage, for dit hev Herrens kista kome.» | |
II C | NorSMB | 8:12 | Den gongen ofra Salomo brennoffer til Herren på Herrens altar, som han hadde bygt framfyre forhalli. | |
II C | NorSMB | 8:13 | Kvar dag ofra han dei offer som kravdest på den dagen etter bodet åt Moses, på kviledagarne, nymånedagarne og høgtiderne tri gonger for året: søtebrødhelgi, sjuvikehelgi og lauvhyttehelgi. | |
II C | NorSMB | 8:14 | Og etter fyresegni åt David, far sin, sette han prestskifti til sine tenestor, og levitarne til sine tenestor, til å lovsyngja og ganga prestarne til handa etter som det turvest for kvar dag, og sameleis dørvaktarflokkarne kvar ved sine portar; for soleis hadde gudsmannen David bode. | |
II C | NorSMB | 8:15 | Og ikkje i nokon måte veik dei ifrå det som kongen hadde bode um frå prestarne og levitarne eller skattkamri. | |
II C | NorSMB | 8:16 | Soleis vart det utført heile Salomos verk, fyrst til den dagen grunnvollen vart lagd til Herrens hus, og sidan til det var fullført. Og so var då Herrens hus ferdigt. | |