II SAMUEL
Chapter 20
II S | NorSMB | 20:1 | No var det der ei uvyrda ved namn Seba Bikrison, ein benjaminit. Han bles i luren og ropa: «Me hev ingen lut i David og ingen arvlut i Isaisonen. Heim att kvar til seg, Israels menner!» | |
II S | NorSMB | 20:2 | Alle Israels-mennerne gjekk då frå David og fylgde Seba Bikrison. Men Juda-mennerne heldt fast ved kongen sin, og fylgde honom frå Jordan heilt til Jerusalem. | |
II S | NorSMB | 20:3 | So kom då David til kongsgarden sin i Jerusalem. Kongen tok då dei ti fylgjekonorne som han hadde late etter seg til å vakta kongsgarden og sette deim under vakt i eit hus for seg sjølve. Han gav deim upphelde; men han heldt seg ikkje med deim. Der budde dei no innestengde til sin døyande dag og livde som enkjor alle sine dagar. | |
II S | NorSMB | 20:4 | Kongen baud Amasa: «Bjod ut Juda-herfolket åt meg og møt fram med deim innan tri dagar!» | |
II S | NorSMB | 20:6 | Då sagde David til Abisai: «No kjem Seba Bikrison til å gjera oss meir ilt enn Absalom. Tak du tenarane åt herren din! Set etter honom fyrr han fær hertaka nokor borg og gjera oss for mykje sut!» | |
II S | NorSMB | 20:7 | Joabs-mennerne drog då av stad etter honom med livvakti og alt stridsfolket. Dei drog ut frå Jerusalem og sette etter Seba Bikrison. | |
II S | NorSMB | 20:8 | Då dei hadde nått til den store steinen ved Gibeon, møtte dei Amasa med sine hermenner. Joab var klædd i våpnkjole som han var van, med belte um livet og sverd i slira. Då han gjekk fram, datt sverdet ut. | |
II S | NorSMB | 20:9 | Joab spurde Amasa: «Kor stend det til med deg, bror?» og tok med høgre handi Amasa i skjegget og vilde kyssa honom. | |
II S | NorSMB | 20:10 | Amasa vara seg ikkje for sverdet som Joab hadde i hi handi. Dermed gav han honom ein støyt i livet, so innvolarne rann ut på marki. Og han døydde på flekken, berre av det. Joab og Abisai, bror hans, heldt fram og forfylgde Seba Bikrison. | |
II S | NorSMB | 20:11 | Ein av tenarane åt Joab stod der attmed og ropa: «Alle som likar Joab og held med David, fylgje etter Joab!» | |
II S | NorSMB | 20:12 | Men då mannen såg at alle stogga attmed Amasa, der som han låg midt i vegen kring-velt i sitt eige blod, skuva han liket undan og kasta ei kappa yver; for han såg kor alle stogga når dei kom dit. | |
II S | NorSMB | 20:13 | Og då liket var teke or vegen, drog alle framum og fylgde Joab og elte Seba Bikrison. | |
II S | NorSMB | 20:14 | Han hadde i millomtidi fare igjenom alle ætterne i Israel til Abel og Bet-Ma’aka, og kasta seg inn i byen. Og folki hans stemnde i hop og fylgde honom dit inn. | |
II S | NorSMB | 20:15 | Dei hine kom og kringsette honom der i Abel Bet-Ma’aka og kasta upp ein voll mot byen innimot ytremuren. Alt folket åt Joab stræva med å få muren til å falla, og riva honom ned. | |
II S | NorSMB | 20:16 | Då ropa ei klok kona frå byen: «Høyr her! Seg Joab han kjem hit, so eg fær tala med honom!» | |
II S | NorSMB | 20:17 | Då han kom fram til kona, spurde ho: «Er du Joab?» Han svara ja. Ho sagde: «Høyr det tenestkvinna di segjer!» Han svara: «Ja vel.» | |
II S | NorSMB | 20:18 | Då sagde ho: «Fyrr i tidi pla dei segja: «I Abel skal ein spyrja etter råd;» so kunde ein gjera det ein etla seg til. | |
II S | NorSMB | 20:19 | Eg er den fredsamaste og trugnaste i heile Israel. Du freistar øyda ein by som er ei mor i Israel! Kvifor vil du øydeleggja Herrens eige folk?» | |
II S | NorSMB | 20:21 | Det hev seg ikkje so. Men ein mann frå Efraims fjellbygd - Seba Bikrison heiter han - hev reist seg mot kong David. Gjev honom yver til oss, so dreg eg burt frå byen.» Kona svara Joab: «Hovudet hans skal verta utkasta til deg yver muren.» | |
II S | NorSMB | 20:22 | Kona kom då til byfolket med si kloke råd. Dei hogg hovudet av Seba Bikrison og kasta det ut til Joab. Då bles han i luren, at herfolket skulde draga burt. Og dei for kvar til seg. Joab snudde heim att til kongen i Jerusalem. | |
II S | NorSMB | 20:23 | Joab var no øvste herhovding yver heile krigsheren i Israel. Og Benaja Jojadason var hovding yver livvakti. | |