Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PHILIPPIANS
1 2 3 4
Prev Up Next
Chapter 3
Phil NorSMB 3:1  Elles, mine brør, gled dykk i Herren! Å skriva det same til dykk er meg ikkje til møda, men dykk til styrkjing.
Phil NorSMB 3:2  Sjå hundarne, sjå dei vonde arbeidarar, sjå dei sundskorne!
Phil NorSMB 3:3  For me er dei umskorne, me som tener Gud i hans Ande og rosar oss av Kristus Jesus og ikkje lit på kjøt,
Phil NorSMB 3:4  endå eg hev det som eg kunde lita på ogso i kjøt. Um ein annan tykkjer at han kann lita på kjøt, so kann eg det endå meir.
Phil NorSMB 3:5  Eg er umskoren den åttande dagen, er av Israels folk, av Benjamins ætt, ein hebræar av hebræarar, i syn på lovi ein farisæar,
Phil NorSMB 3:6  i ihuge ein forfylgjar av kyrkjelyden, i rettferd etter lovi ulasteleg.
Phil NorSMB 3:7  Men det som var meg ei vinning, det hev eg for Kristi skuld halde for tap,
Phil NorSMB 3:8  ja, eg held og i sanning alt for tap mot det som er so mykje meir verdt: kunnskapen um Kristus Jesus, min Herre; for hans skuld hev eg tapt det alt saman, og eg held det for skarn, berre eg kann vinna Kristus
Phil NorSMB 3:9  og verta funnen i honom, ikkje med mi rettferd, den som er av lovi, men med den ved trui på Kristus, rettferdi av Gud på grunn av trui,
Phil NorSMB 3:10  so eg må kjenna honom og krafti av hans uppstoda og samlaget i hans lidingar, med di eg vert lik med honom i hans daude,
Phil NorSMB 3:11  um eg då kann nå fram til uppstoda frå dei daude.
Phil NorSMB 3:12  Ikkje so at eg alt hev gripe det eller alt er fullkomen! men eg jagar etter det, um eg og kann gripa det, etter som eg og er gripen av Kristus Jesus.
Phil NorSMB 3:13  Brør, eg trur ikkje um meg sjølv at eg hev gripe det.
Phil NorSMB 3:14  Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som er attanfyre, og tøygjer meg etter det som er framanfyre, og jagar mot målet, til den sigerspris Gud hev kalla oss til der ovan i Kristus Jesus.
Phil NorSMB 3:15  So mange då som er fullkomne, lat oss hava denne tenkjemåte! og um de i noko tenkjer annarleis, so skal Gud og openberra dykk dette;
Phil NorSMB 3:16  berre at me, so langt me er komne, held fram i same faret.
Phil NorSMB 3:17  Vert mine etterfylgjarar, de og, brør, og sjå på deim som ferdast soleis som de hev oss til fyredøme!
Phil NorSMB 3:18  For det ferdast mange, som eg tidt hev sagt dykk og no endå segjer med tåror, at dei er fiendar av Kristi kross,
Phil NorSMB 3:19  dei som endar med fortaping, som hev buken til sin Gud, og som set si æra i si skjemd, dei som trår etter dei jordiske ting.
Phil NorSMB 3:20  For vårt borgarsamfund er i himmelen, der me og ventar Herren Jesus Kristus ifrå som frelsar,
Phil NorSMB 3:21  han som skal umskapa vår nedrings-likam, so han vert lik hans herlegdoms-likam etter hans kraft til å leggja alle ting under seg.