Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PHILIPPIANS
1 2 3 4
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 2
Phil NorSMB 2:1  Er det då nokor trøyst i Kristus, er det nokor hugsvaling i kjærleik, er det noko samfund i Anden, er det nokor medkjensla og miskunn:
Phil NorSMB 2:2  so gjer mi gleda fullkomi, so de hev same hug, med di de hev same kjærleiken og samlyndte hev den eine hugen,
Phil NorSMB 2:3  ikkje gjer noko av stridssykja eller lyst til tom æra, men i audmykt vyrder kvarandre høgre enn dykk sjølve.
Phil NorSMB 2:4  Sjå ikkje kvar på sin eigen bate, men kvar på baten til dei andre og!
Phil NorSMB 2:5  Lat dette huglaget vera i dykk, som og var i Kristus Jesus,
Phil NorSMB 2:6  han som, då han var i Guds skapnad, ikkje heldt det for eit ran å vera Gud lik,
Phil NorSMB 2:7  men gav sjølv avkall på det og tok ein tenars skapnad på seg, med di han kom i likning med menneskje, og då han i åtferd var funnen som eit menneskje,
Phil NorSMB 2:8  nedra han seg sjølv, so han vart lydug alt til dauden, ja til dauden på krossen.
Phil NorSMB 2:9  Difor hev og Gud storleg upphøgt honom og gjeve honom det namn som er yver kvart eit namn,
Phil NorSMB 2:10  so i Jesu namn skal kvart kne bøygja seg, deira som er i himmelen og på jordi og under jordi,
Phil NorSMB 2:11  og kvar tunga skal sanna at Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders æra.
Phil NorSMB 2:12  Difor, mine kjære, liksom de alltid hev vore lyduge, so arbeid, ikkje berre som i mitt nærvære, men no endå meir i mitt fråvære, på dykkar frelse med age og otte!
Phil NorSMB 2:13  For Gud er den som verkar i dykk både å vilja og verka for sin gode vilje.
Phil NorSMB 2:15  so de kann vera lastelause og reine, Guds ulastande born midt i ei ukyndt og rangsnudd ætt, der de syner dykk som ljos i verdi,
Phil NorSMB 2:16  med di de held fram livsens ord, meg til ros på Kristi dag, at eg ikkje hev laupe til unyttes eller arbeidt til unyttes.
Phil NorSMB 2:17  Men um eg og vert ofra, medan eg gjer altartenesta og ber dykkar tru fram til offer, so gled eg meg og gled meg saman med dykk alle.
Phil NorSMB 2:18  Gled og de dykk like eins, og gled dykk saman med meg!
Phil NorSMB 2:19  Eg hev den voni i Herren Jesus, at eg snart kann senda Timoteus til dykk, so eg og kann verta glad i hug, når eg fær vita korleis det er med dykk.
Phil NorSMB 2:20  For eg hev ingen med slikt eit lynde, som so ærleg kann hava umsut for dykk.
Phil NorSMB 2:21  For dei søkjer alle sitt eige, ikkje det som høyrer Jesus Kristus til;
Phil NorSMB 2:22  men hans prøvde truskap kjenner de, at liksom ein son tenar far sin, so hev han tent med meg for evangeliet.
Phil NorSMB 2:23  Honom vonar eg då å kunna senda straks når eg ser utgangen på saki mi.
Phil NorSMB 2:24  Men eg hev den tillit i Herren at eg og sjølv skal koma snart.
Phil NorSMB 2:25  Eg fann det naudsynleg å senda til dykk Epafroditus, min bror og medarbeidar og medstridsmann og dykkar sendemann og tenar til hjelp for mi trong,
Phil NorSMB 2:26  av di han lengta etter dykk alle, og var ottefull for di de hadde høyrt at han var sjuk.
Phil NorSMB 2:27  For han var verkeleg sjuk og dauden nær; men Gud gjorde miskunn mot honom, ja, ikkje berre mot honom, men mot meg og, so eg ikkje skulde hava sorg på sorg.
Phil NorSMB 2:28  Difor sender eg honom so mykje snarare, at de kann gleda dykk ved å sjå honom att, og eg vera meir sutlaus.
Phil NorSMB 2:29  Tak då imot han i Herren med all gleda, og haldt slike i æra!
Phil NorSMB 2:30  For for Kristi gjerning skuld kom han dauden nær, då han ikkje vyrde sitt liv, so han kunde bøta på saknaden av dykk ved tenesta mot meg.