Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
II KINGS
Prev Up Next
Chapter 11
II K NorSMB 11:1  Då Atalja, mor åt Ahazja, fekk vita at son hennar var dåen, tok ho seg fyre å tyna heile kongsætti.
II K NorSMB 11:2  Men nett med same kongssønerne skulde lata livet, tok Joseba, dotter åt kong Joram, syster åt Ahazja, fekk taka i Joas Ahazjason og berga honom undan saman med fostermor hans, inn i sengkammerset, og soleis løynde dei honom for Atalja, so han ikkje vart drepen.
II K NorSMB 11:3  So var han hjå henne i Herrens hus, burtgøymd, i seks år, medan Atalja styrde landet.
II K NorSMB 11:4  I det sjuande året sende Jojada bod og henta hovudsmennerne for livvakti og førde deim inn til seg i Herrens hus. Og han hadde gjort ein avtale med deim og teke deim i eid der i Herrens hus, synte han deim kongssonen.
II K NorSMB 11:5  So baud han deim: «Høyr no korleis de skal fara åt: Den eine tridjepart av dykk som tek vakthaldet på kviledagen, skal halda vakt i kongsgarden,
II K NorSMB 11:6  den andre tridjeparten i Sur-porten, tridje tridjeparten i porten bak drabantarne; de skal greida vakti til vern åt huset.
II K NorSMB 11:7  Båe dei hine vaktskifti, alle dei av dykk som skulde verta avløyste frå vakt på kviledagen, dei skal halda vakt um kongen i Herrens hus;
II K NorSMB 11:8  de skal gjera manngard rundt ikring kongen, kvar mann med våpn i hand! kjem nokon innpå rekkjorne, so hogg honom ned! Soleis skal de vera med kongen både når han gjeng ut, og når han gjeng inn.»
II K NorSMB 11:9  Hovudsmennerne gjorde alt soleis som presten Jojada baud; kvar og ein tok sine folk, både dei som skulde taka ved vakti um kviledagen og dei som skulde ganga frå um kviledagen; dei kom til presten Jojada,
II K NorSMB 11:10  og presten gav hovudsmennerne dei spjoti og dei skjoldarne som kong David hadde ått, og som var i Herrens hus.
II K NorSMB 11:11  Livvakti tok post, kvar med våpn i hand, frå sudsida av huset til nordsida av huset, til altaret, og derifrå til huset att, i manngard kring kongen.
II K NorSMB 11:12  So leidde han kongssonen ut og sette på honom kruna og gav honom lovi. Dei tok honom til konge og salva honom, klappa i henderne og ropa: «Live kongen!»
II K NorSMB 11:13  Då Atalja høyrde ropet frå livvakti og folket, gjekk ho til Herrens hus, der folket stod.
II K NorSMB 11:14  Der fekk ho då sjå kongen standa på den høge tramen, som skikken var, og hovudsmennerne og lurblåsarane attmed kongen, og alt landsens folk som fegnast og bles i lur. Då reiv Atalja sund klædi sine og ropa: «Samansverjing, samansverjing!»
II K NorSMB 11:15  Presten Jojada baud hovudsmennerne, herførarne: «Leid henne ut millom rekkjorne!» sagde han til deim, «og er so nokon fylgjer etter henne, so hogg honom ned!» Presten vilde ikkje ho skulde verta drepi i Herrens hus.
II K NorSMB 11:16  Dei tok henne då og førde henne inn i kongsgarden gjenom hesteporten; og der let ho livet.
II K NorSMB 11:17  Jojada gjorde den pakti millom Herren og kongen og folket, at dei skulde vera Herrens folk. Ogso millom kongen og folket gjorde han semja.
II K NorSMB 11:18  Alt landsens folk gjekk so av stad burt til Ba’als-huset og reiv det ned, og altari hans og bilæti krasa dei i mol og mask. Mattan, Ba’als-presten, drap dei framfor altari. So sette Jojada vaktmenner ved Herrens hus.
II K NorSMB 11:19  Deretter tok han med seg hovudsmennerne og livvakti og alt landsens folk, og dei førde kongen frå Herrens hus inn i kongsgarden gjenom livvakt-porten. Han sette seg på kongsstolen,
II K NorSMB 11:20  og alt folket fegnast; og byen kom til ro. Men Atalja hadde dei hogge i hel i kongsgarden.