II TIMOTHY
Chapter 4
II T | NorSMB | 4:1 | Eg vitnar for Gud og Kristus Jesus, som skal døma livande og daude, og ved hans openberring og hans rike: | |
II T | NorSMB | 4:2 | Forkynn ordet, statt nær med det i tid og i utid, yvertyd, refs, påminn med alt langmod og all læra! | |
II T | NorSMB | 4:3 | For det skal koma ei tid då dei ikkje skal tola den heilsame læra, men etter sine eigne lyster taka seg sjølve lærarar i flokketal, med di dei klæjar dei i øyra, | |
II T | NorSMB | 4:5 | Men ver du edru i alle ting, lid vondt, gjer ein evangeli-forkynnars gjerning, fullfør di tenesta! | |
II T | NorSMB | 4:8 | So ligg då rettferdskransen reidug til meg, den som Herren, den rettferdige domar, skal gjeva meg på hin dagen, då ikkje berre meg, men alle som hev elska hans openberring. | |
II T | NorSMB | 4:10 | For Demas forlet meg av kjærleik til den noverande verdi og for til Tessalonika, Kreskens til Galatia, Titus til Dalmatia. | |
II T | NorSMB | 4:11 | Lukas er åleine hjå meg. Tak Markus og før honom med deg, for han er meg nyttug til tenesta. | |
II T | NorSMB | 4:13 | Når du kjem, so tak med deg den kåpa som eg let att i Troas hjå Karpus, og bøkerne, serleg skinnbøkerne! | |
II T | NorSMB | 4:14 | Koparsmeden Aleksander gjorde meg mykje vondt. Herren kjem til å løna han etter hans gjerningar! | |
II T | NorSMB | 4:16 | Ved mitt fyrste forsvar møtte ingen med meg, men alle forlet meg. Gjev det ikkje må verta deim tilrekna! | |
II T | NorSMB | 4:17 | Men Herren stod med meg og styrkte meg, so forkynningi ved meg skulde verta fullførd, og alle folkeslag få høyra henne; og eg vart utfria or løvegapet. | |
II T | NorSMB | 4:18 | Herren skal fria meg frå all vond gjerning og frelsa meg inn i sitt himmelske rike. Honom vere æra i all æva! Amen. | |
II T | NorSMB | 4:21 | Gjer deg umak med å koma fyre vinteren! Eubulus og Pudens og Linus og Klaudia og alle brørne helsar deg. | |