Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOSHUA
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 4
Josh NorSMB 4:1  Då alt folket var kome vel yver Jordan, då tala Herren soleis til Josva:
Josh NorSMB 4:2  «Vel dykk ut tolv menner av folket, ein or kvar ætt,
Josh NorSMB 4:3  og seg til deim at dei skal taka upp tolv steinar av deim som ligg her midt i Jordan, på den staden der prestarne stend stille; desse steinarne skal dei bera med seg yver, og leggja deim ned der som de kjem til å lægra dykk i natt.»
Josh NorSMB 4:4  Då kalla Josva til seg dei tolv mennerne som han hadde kåra ut millom Israels-sønerne, ein or kvar ætt,
Josh NorSMB 4:5  og sagde til deim: «Far framfyre sambandskista åt Herren dykkar Gud, til de kjem midt ut i Jordan! Der skal de taka kvar sin stein upp på herdi, etter talet på Israels-ætterne.
Josh NorSMB 4:6  Dei steinarne skal vera til eit minnesmerke hjå dykk. Når borni dykkar ein gong spør: «Kva tyder det at desse steinarne stend her?»
Josh NorSMB 4:7  då skal de svara: «Jordanvatnet kvarv burt framfyre sambandskista åt Herren; då ho for ut i Jordan, vart vatnet burte; og desse steinarne skal for Israels-sønerne vera til eit ævelegt minne um dette.»»
Josh NorSMB 4:8  Israels-sønerne gjorde som Josva sagde, og tok midt uti Jordan tolv steinar, etter talet på Israels-ætterne, soleis som Herren hadde sagt til Josva, og bar deim med seg yver til nattlægret og lagde deim ned der.
Josh NorSMB 4:9  Og midt i Jordan, der dei prestarne som bar sambandskista stod, reiste Josva upp tolv andre steinar; dei hev stade der til denne dag.
Josh NorSMB 4:10  Prestarne som bar sambandskista, vart standande midt i Jordan, til det var gjort alt det som Herren hadde sagt med Josva at han skulde tala til folket um, etter alle dei fyresegnerne som Moses hadde gjeve Josva. Og folket skunda seg yver.
Josh NorSMB 4:11  Då no alt folket var kome vel fram, for Herrens sambandskista og prestarne og yver, og tok att romet sitt framanfor folket.
Josh NorSMB 4:12  Og Rubens-sønerne og Gads-sønerne og helvti av Manasse-ætti for fullvæpna fyre dei andre Israels-sønerne, soleis som Moses hadde sagt til deim;
Josh NorSMB 4:13  dei var um lag fyrti tusund herbudde menner som for Herrens åsyn drog fram til strid på Jerikomoarne.
Josh NorSMB 4:14  Den dagen gjorde Herren Josva stor framfor augo åt heile Israel, og sidan bar dei age for honom so lenge han livde, liksom dei hadde bore age for Moses.
Josh NorSMB 4:16  «Seg til prestarne som ber lovtavlekista at dei skal stiga upp or Jordan!»
Josh NorSMB 4:17  Og Josva sagde til prestarne: «Stig upp or Jordan!»
Josh NorSMB 4:18  Og med same prestarne som bar Herrens sambandskista, steig upp or Jordan og so vidt hadde sett foten på turre strandi, då kom åi veltande att i faret sitt, og gjekk i bakkefylla som fyrr.
Josh NorSMB 4:19  Det var tiande dagen i den fyrste månaden at folket steig upp or Jordan. Dei lægra seg attmed Gilgal, lengst aust i Jerikobygdi.
Josh NorSMB 4:20  Og der reiste Josva dei tolv steinarne som dei hadde teke med seg frå Jordan.
Josh NorSMB 4:21  Og han sagde til Israels-sønerne: «Når borni dykkar ein gong spør federne sine: «Kva er dette for steinar?»
Josh NorSMB 4:22  so skal de segja deim det: «Israels-folket gjekk turrskodde yver Jordan her,» skal de segja,
Josh NorSMB 4:23  «av di Herren, dykkar Gud, turka ut åi framfyre dykk, medan de gjekk yver, liksom han turka ut Sevhavet for oss då me for yver det,
Josh NorSMB 4:24  so alle folkeslag på jordi skulde sjå at Herrens hand er sterk, og de alle dagar skulde ottast Herren, dykkar Gud.»»