Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
REVELATION OF JOHN
Prev Up Next
Chapter 2
Reve NorSMB 2:1  «Skriv til engelen for kyrkjelyden i Efesus: Dette segjer han som held dei sju stjernorne i si høgre hand, han som gjeng midt imillom dei sju gull-ljosestakarne:
Reve NorSMB 2:2  Eg veit um gjerningarne dine, og arbeidet ditt, og tolmodet ditt, og at du ikkje kann lida dei vonde, og du hev prøvt deim som segjer dei er apostlar, og ikkje er det, og hev funne at dei er ljugarar;
Reve NorSMB 2:3  og du hev tolmod og hev havt mykje å bera for mitt namn skuld, og du hev ikkje vorte trøytt.
Reve NorSMB 2:4  Men eg hev imot deg at du hev uppgjeve din fyrste kjærleik.
Reve NorSMB 2:5  Kom difor i hug kvar du er fallen ifrå, og vend um og gjer dei fyrste gjerningarne! elles kjem eg snart yver deg og vil flytja ljosestaken din frå sin stad, um du ikkje umvender deg.
Reve NorSMB 2:6  Men dette hev du, at du hatar gjerningarne åt nikolaitarne, som eg og hatar.
Reve NorSMB 2:7  Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydarne: Den som sigrar, honom vil eg gjeva å eta av livsens tre, som er i Guds Paradis.
Reve NorSMB 2:8  Og skriv til engelen for kyrkjelyden i Smyrna: Dette segjer den fyrste og den siste, han som var daud, og vart livande:
Reve NorSMB 2:9  Eg veit um trengsla di og fatigdomen din - men du er rik - og spotti frå deim som segjer at dei er jødar, og ikkje er det, men er Satans synagoga.
Reve NorSMB 2:10  Ottast ikkje for det du skal lida! Sjå, djevelen skal kasta nokre av dykk i fengsel, so de skal verta freista, og de skal hava trengsla i ti dagar. Ver tru til dauden, so skal eg gjeva deg livsens kruna!
Reve NorSMB 2:11  Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydarne: Den som sigrar, han skal slett ikkje lida mein av den andre dauden!
Reve NorSMB 2:12  Og skriv til engelen for kyrkjelyden i Pergamum: Dette segjer han som hev det tvieggja kvasse sverdet:
Reve NorSMB 2:13  Eg veit kvar du bur: der som Satans kongsstol er, og du held fast ved mitt namn, og du forneitta ikkje mi tru, endå i dei dagar då Antipas var mitt true vitne, han som vart ihelslegen hjå dykk, der Satan bur.
Reve NorSMB 2:14  Men eg hev nokre få ting imot deg: at du hev sume der som held fast ved Bileams læra, han som lærde Balak å leggja støyt for Israels born, å eta avgudsoffer og gjera hor.
Reve NorSMB 2:15  Soleis hev du og sume som held fast ved læra åt nikolaitarne.
Reve NorSMB 2:16  Vend um! men um du ikkje det gjer, kjem eg snart yver deg og vil strida mot deim ved min munns sverd.
Reve NorSMB 2:17  Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydarne: Den som sigrar, honom vil eg gjeva å eta av det løynde manna, og eg vil gjeva honom ein kvit stein og eit nytt namn skrive på steinen, som ingen kjenner, utan den som fær det!
Reve NorSMB 2:18  Og skriv til engelen for kyrkjelyden i Tyatira: Dette segjer Guds son, han som hev augo som eldsloge og føter som skinande kopar:
Reve NorSMB 2:19  Eg veit um dine gjerningar og din kjærleik og di tenesta og di tru og tolmodet ditt og dei siste gjerningarne dine, som er fleire enn dei fyrste.
Reve NorSMB 2:20  Men eg hev imot deg at du let kvinna Jezabel råda, ho som segjer at ho er ei profetkvinna, og ho lærer og dårar mine tenarar til å driva hor og eta avgudsoffer.
Reve NorSMB 2:21  Og eg gav henne tid til å venda um, men ho vil ikkje venda um frå sin hordom.
Reve NorSMB 2:22  Sjå, eg kastar henne på sjukelægje, og deim som driv hor med henne, i stor trengsla, dersom dei ikkje vender um frå sine gjerningar.
Reve NorSMB 2:23  Og borni hennar vil eg rykkja burt ved daude, og alle kyrkjelydarne skal sanna at eg er den som ransakar nyro og hjarto, og eg vil gjeva dykk kvar etter dykkar gjerningar.
Reve NorSMB 2:24  Men eg segjer dykk andre i Tyatira, alle som ikkje hev denne læra, og som ikkje kjenner Satans dypter - som dei segjer -: Eg vil ikkje leggja nokor onnor byrd på dykk.
Reve NorSMB 2:25  Berre haldt fast ved det de hev, til dess eg kjem!
Reve NorSMB 2:26  Og den som sigrar og tek vare på mine gjerningar alt til enden, honom vil eg gjeva magt yver heidningarne,
Reve NorSMB 2:27  og han skal styra deim med jarnstav, liksom ein knasar kruskjerald, so som eg og hev fenge det av min Fader;
Reve NorSMB 2:29  Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydarne!»