Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
HEBREWS
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13
Prev Up Next
Chapter 3
Hebr NorSMB 3:1  Difor, heilage brør, som er luthavande i eit himmelsk kall! sjå på den apostel og øvsteprest som me kjennest ved, Jesus,
Hebr NorSMB 3:2  han som var tru mot den som gjorde honom dertil, liksom og Moses var i heile hans hus!
Hebr NorSMB 3:3  For denne er halden so mykje større æra verd enn Moses, som den som hev bygt huset, hev større æra enn huset sjølv.
Hebr NorSMB 3:4  Kvart hus er det einkvan som byggjer, men den som hev bygt alt, det er Gud.
Hebr NorSMB 3:5  Og Moses var vel tru i heile hans hus som ein tenar til å vitna um det som skulde verta tala,
Hebr NorSMB 3:6  men Kristus stend som son yver huset hans; og hans hus er me, so framt me held vårt frimod og den voni me rosar oss av, fast alt til enden.
Hebr NorSMB 3:7  Difor, som den Heilage Ande segjer: «I dag, um de høyrer hans røyst,
Hebr NorSMB 3:8  so forherd ikkje dykkar hjarto som på argingsstaden på freistingsdagen i øydemarki,
Hebr NorSMB 3:9  der federne dykkar freista meg; dei prøvde meg, endå dei såg mine gjerningar i fyrti år.
Hebr NorSMB 3:10  Difor harmast eg på denne ætti og sagde: «Dei fer alltid vilt i hjarta;» men dei kjende ikkje mine vegar,
Hebr NorSMB 3:11  so eg svor i min vreide: «Sanneleg, dei skal ikkje koma inn til mi kvila!»»
Hebr NorSMB 3:12  Sjå til, brør, at det ikkje i nokon av dykk skal vera eit vondt, vantruande hjarta, so han fell frå den livande Gud!
Hebr NorSMB 3:13  Men påminn kvarandre kvar dag, so lenge som det heiter: «i dag», so ikkje nokon av dykk skal verta forherd ved dåring av syndi!
Hebr NorSMB 3:14  For me hev fenge lut med Kristus, so framt me held vår fyrste fulle vissa fast til enden.
Hebr NorSMB 3:15  Når det vert sagt: «I dag, um de høyrer hans røyst, so forherd ikkje dykkar hjarto som på argingsstaden,»
Hebr NorSMB 3:16  kven var då dei som høyrde og arga honom? Var det ikkje alle dei som gjekk ut or Egyptarland ved Moses?
Hebr NorSMB 3:17  Men kven var det han harmast på i fyrti år? var det ikkje på deim som hadde synda, so deira kroppar fall i øydemarki?
Hebr NorSMB 3:18  Og kven var det han svor um, at dei ikkje skulde koma inn til hans kvila, utan um deim som var vantruande?
Hebr NorSMB 3:19  So ser me då at dei ikkje kunde koma inn for vantru skuld.