I JOHN
Chapter 3
I Jo | NorSMB | 3:1 | Sjå, kor stor kjærleik Faderen hev synt oss, at me skal kallast Guds born; og det er me. Difor kjenner ikkje verdi oss, av di ho ikkje kjenner honom. | |
I Jo | NorSMB | 3:2 | Mine kjære! No er me Guds born, og det er ikkje endå openberra kva me skal verta; me veit at når han vert openberra, då skal me verta honom like; for me skal sjå honom som han er. | |
I Jo | NorSMB | 3:3 | Og kvar den som hev denne voni til honom, han reinsar seg sjølv, liksom han er rein. | |
I Jo | NorSMB | 3:5 | Og de veit at han er openberra til å taka burt synderne, og det finst ikkje synd i honom. | |
I Jo | NorSMB | 3:6 | Kvar den som vert verande i honom, syndar ikkje; kvar den som syndar, han hev ikkje set honom og ikkje kjent honom. | |
I Jo | NorSMB | 3:7 | Born, lat ingen dåra dykk! den som gjer rettferd, er rettferdig, liksom han er rettferdig. | |
I Jo | NorSMB | 3:8 | Den som gjer synd, er av djevelen; for djevelen syndar frå upphavet. Til det er Guds son openberra, at han skal gjera ende på djevelens verk. | |
I Jo | NorSMB | 3:9 | Kvar den som er fødd av Gud, gjer ikkje synd; for hans sæde vert verande i honom, og han kann ikkje synda; for han er fødd av Gud. | |
I Jo | NorSMB | 3:10 | På det kann ein kjenna Guds born og djevelens born: kvar den som ikkje gjer rettferd, er ikkje av Gud, og ikkje den heller som ikkje elskar bror sin. | |
I Jo | NorSMB | 3:12 | ikkje som Kain, som var av den vonde og drap bror sin. Og kvi drap han honom? Av di hans gjerningar var vonde, men hans brors gjerningar rettferdige. | |
I Jo | NorSMB | 3:14 | Me veit at me er gjengne yver frå dauden til livet, for me elskar brørne; den som ikkje elskar, vert verande i dauden. | |
I Jo | NorSMB | 3:15 | Kvar den som hatar bror sin, er ein manndråpar; og de veit at ingen manndråpar hev ævelegt liv verande i seg. | |
I Jo | NorSMB | 3:16 | På det hev me lært å kjenna kjærleiken, at han sette livet til for oss; me er og skuldige til å setja livet til for brørne. | |
I Jo | NorSMB | 3:17 | Men den som hev gods i denne verdi og ser bror sin hava trong og let hjarta sitt att for honom, kor kann då kjærleiken til Gud vera i honom! | |
I Jo | NorSMB | 3:19 | Og på dette skal me skyna at me er av sanningi, og so skal me roa hjarto våre for hans åsyn. | |
I Jo | NorSMB | 3:20 | For um enn hjarta fordømer oss, so er Gud større enn hjarta vårt og kjenner alle ting. | |
I Jo | NorSMB | 3:22 | og det som me bed um, fær me av honom; for me held hans bod og gjer det som er honom til hugnad. | |
I Jo | NorSMB | 3:23 | Og dette er hans bod, at me skal tru på hans son Jesus Kristi namn og elska kvarandre, so som han baud oss. | |