II CHRONICLES
Chapter 11
II C | NorSMB | 11:1 | Då Rehabeam kom til Jerusalem, samla han heile Judas hus og Benjamin, hundrad og åtteti tusund utvalde stridsmenner, og vilde strida imot Israel og vinna kongedømet att for Rehabeam. | |
II C | NorSMB | 11:3 | «Seg til Rehabeam Salomoson, kongen i Juda, og til heile Israel i Juda og Benjamin: | |
II C | NorSMB | 11:4 | «So segjer Herren: De skal ikkje fara upp og strida imot brørne dykkar; snu heim att kvar til sitt hus! For det som er hendt, er kome frå meg!»» Då lydde dei ordi frå Herren og snudde heim at og drog ikkje imot Jeroboam. | |
II C | NorSMB | 11:10 | og Sora og Ajjalon og Hebron, som låg i Juda og i Benjamin. Han gjorde deim til festningsbyar. | |
II C | NorSMB | 11:11 | Og han gjorde borgerne sterke og sette hovdingar i deim, og gav deim forråd av matvaror og olje og vin. | |
II C | NorSMB | 11:12 | Og kvar einskild av deim gav han skjoldar og spjot, og soleis gjorde han deim overlag sterke. Juda og Benjamin lydde honom. | |
II C | NorSMB | 11:14 | For levitarne drog ifrå bumarkerne og eigedomen sin og for til Juda og Jerusalem, for di Jeroboam og sønerne hans jaga deim ut or prestetenesta for Herren, | |
II C | NorSMB | 11:15 | og han tilsette prestar åt seg for offerhaugarne og bukketrolli og kalvarne som han hadde late gjera. | |
II C | NorSMB | 11:16 | Og i fylgje med deim kom dei frå alle Israels ættar som lagde hugen sin på å søkja Herren, Israels Gud. Dei kom til Jerusalem og ofra til Herren, sin fedregud. | |
II C | NorSMB | 11:17 | Dei styrkte Judariket og tryggja Rehabeam, son åt Salomo i tri år. For i tri år gjekk dei på vegen åt David og Salomo. | |
II C | NorSMB | 11:18 | Rehabeam tok til kona Mahalat, dotter åt Jerimot, son åt David, og åt Abiha’il, dotter åt Eliab, Isais son. | |
II C | NorSMB | 11:20 | Og etter henne tok han Ma’aka, dotter åt Absalom, til kona; og ho fødde honom Abia og Attai og Ziza og Selomit. | |
II C | NorSMB | 11:21 | Rehabeam elska Ma’aka, dotter åt Absalom, meir enn dei andre konorne og fylgjekonorne sine; for han hadde attan konor og seksti fylgjekonor og vart far til åtte og tjuge søner og seksti døtter. | |
II C | NorSMB | 11:22 | Difor sette han Abia, son åt Ma’aka, til hovding og fyrste millom brørne sine; for han var tenkt på å gjera honom til konge. | |