II CORINTHIANS
Chapter 8
II C | NorSMB | 8:2 | at endå dei var hardt røynde med trengsla, so hev deira rike gleda og deira djupe fatigdom i yverfullt mål verka hjå deim ein rikdom på ærleg kjærleik. | |
II C | NorSMB | 8:5 | og dei gav ikkje berre soleis som me vona, men seg sjølve gav dei fyrst til Herren og so til oss ved Guds vilje, | |
II C | NorSMB | 8:6 | so at me bad Titus, at liksom han fyrr hadde byrja, so skulde han og fullenda hjå dykk ogso dette kjærleiksverket. | |
II C | NorSMB | 8:7 | Men liksom de er rike i alle måtar, på tru og tale og kunnskap og all umhug og på kjærleik som de hev vekt hjå oss, so vert no og rike i dette kjærleiksverket! | |
II C | NorSMB | 8:8 | Ikkje som eit påbod segjer eg dette, men ved ihugen hjå dei andre vil eg og røyna sanningi av dykkar kjærleik. | |
II C | NorSMB | 8:9 | For de kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fatig, då han var rik, so de ved hans fatigdom skulde verta rike. | |
II C | NorSMB | 8:10 | Og eg segjer mi meining um dette; for det er til gagn for dykk, som fyreåt, alt frå i fjor, byrja ikkje berre å verka, men og å vilja. | |
II C | NorSMB | 8:11 | Men fullfør no og verket, so liksom hugen var til å vilja, soleis og fullføringi kann verta etter utkoma. | |
II C | NorSMB | 8:12 | For er hugen der, so er han vellika etter det som han hev, ikkje etter det som han ikkje hev. | |
II C | NorSMB | 8:13 | For det er ikkje for di at det skal vera lette for andre og trengsla for dykk, men at det skal vera jamnad: | |
II C | NorSMB | 8:14 | dykkar yvermål vert til hjelp for deira trong i den noverande tid, at og deira yvermål kann verta til hjelp for dykkar trong, so det vert jamnad, | |
II C | NorSMB | 8:15 | som de stend skrive: «Den som sanka mykje, fekk ikkje yverfyllt, og den som sanka lite, leid ingen skort.» | |
II C | NorSMB | 8:17 | for han tok gjerne imot mi påminning, ja, han er endå so ihuga at han fer sjølvminnt ut til dykk. | |
II C | NorSMB | 8:18 | Og me sender og med honom den broren som hev ros hjå alle kyrkjelydarne for sitt arbeid i evangeliet, | |
II C | NorSMB | 8:19 | ja, ikkje berre det, men han er og av kyrkjelydarne utvald til vår fylgjesmann med denne kjærleiksgåva, som er framkomi ved vår tenesta, til å fremja Herrens eigi æra og vårt framtak, | |
II C | NorSMB | 8:20 | då me vil vara oss for at nokon skal lasta oss for noko som vedkjem denne rike gåva, som er framkomi ved vår tenesta, | |
II C | NorSMB | 8:22 | Og me sender med deim vår bror, som me ofte på mange måtar hev funne ihuga, men no mykje meir ihuga ved si store tiltru til dykk. | |
II C | NorSMB | 8:23 | Anten det då er tale um Titus, so er han min lagsmann og medarbeidar hjå dykk, eller um våre brør, so er dei sendemenner frå kyrkjelydarne, Kristi æra. | |