Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
II SAMUEL
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 5
II S NorSMB 5:1  Då kom alle Israels ætter til David i Hebron, og tala soleis: «Du veit me og du er same folket.
II S NorSMB 5:2  Alt lenge sidan, med Saul var kongen vår, so var du føraren for Israel. Og med deg hev Herren sagt: «Du skal vera hyrding for Israel, folket mitt! du skal vera fyrste yver Israel!»»
II S NorSMB 5:3  Då alle dei øvste i Israel var komne til Hebron, til kongen, gjorde kong David samband med deim i Hebron for Herrens åsyn. Og dei salva David til konge yver Israel.
II S NorSMB 5:4  Tretti år var David då han vart konge. Og han var konge i fyrti år.
II S NorSMB 5:5  I Hebron var han konge yver Juda i sju år og seks månader. I Jerusalem var han konge i tri og tretti år yver heile Israel og Juda.
II S NorSMB 5:6  Kongen drog upp til Jerusalem med heren sin mot jebusitarne, som budde der i landet. Dei sagde då til David: «Hit inn vinn du ikkje koma! Jamvel blinde og lame folk kann driva deg burt berre med dei ordi: Hit kjem David ikkje!»
II S NorSMB 5:7  David tok like vel Sionsborgi. Den borgi vart Davidsbyen.
II S NorSMB 5:8  David gav den dagsordren: «Kvar ein som slær jebusitarne, lat honom ganga upp til vatsleidingi, og slå desse blinde og lame som ber David imot!» Difor plar dei segja: «Blind og lam kjem ikkje inn i huset.»
II S NorSMB 5:9  David tok bustad der på borgi og kalla henne Davidsbyen. David bygde byen rundt ikring frå Millo og innetter.
II S NorSMB 5:10  Davids velde auka stødt og stendigt. Og Herren, allhers Gud, var med honom.
II S NorSMB 5:11  Kong Hiram i Tyrus sende folk til David med cedertre og timbremenner og steinhoggarar. Dei bygde eit hus for David.
II S NorSMB 5:12  Og David skyna at Herren hadde grunnfest kongedømet hans yver Israel, og lyft kongedømet hans upp til æra for Israel, folket sitt, skuld.
II S NorSMB 5:13  David tok seg endå fleire fylgjekonor og konor frå Jerusalem, etter han var komen dit frå Hebron. Og David fekk endå fleire søner og døtter.
II S NorSMB 5:14  Dei sønerne han fekk i Jerusalem heitte: Sammua, Sobab, Natan, Salomo,
II S NorSMB 5:17  Då filistarane frette at David var salva til konge yver Israel, drog alle filistarane upp og søkte åt honom. Då David spurde det, drog han ned til borgi.
II S NorSMB 5:18  Filistarane kom og spreidde seg utyver i Refa’imsdalen.
II S NorSMB 5:19  Då gjorde David det spursmålet til Herren: «Skal eg draga upp mot filistarane? Vil du gjeva deim i mi hand?» Herren svara David: «Drag upp, eg vil gjeva filistarane i di hand.»
II S NorSMB 5:20  David kom til Ba’al-Perasim. Og der vann David yver deim. Då sagde han: «Herren hev brote igjenom uvenerne mine, liksom vatn bryt igjenom.» Det er difor staden hev fenge namnet Ba’al-Perasim.
II S NorSMB 5:21  Dei let etter seg gudebilæti sine, og David og folki hans tok deim.
II S NorSMB 5:22  Endå ein gong drog filistarane upp og spreidde seg utyver i Refa’imsdalen.
II S NorSMB 5:23  Då David spurde Herren, svara han: «Drag ikkje mot deim! Kringset deim attanfrå, so du fell yver deim frå den staden der bakatrei stend.
II S NorSMB 5:24  So snart du høyrer ljoden av stig i topparne på bakatrei, so må du springa fram. For då dreg Herren ut framfyre deg og vinn yver filistarheren!»
II S NorSMB 5:25  David gjorde som Herren baud; og han slo filistarane og forfylgde deim frå Geba heilt fram til Gezer.