Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JEREMIAH
Prev Up Next
Chapter 1
Jere NorSMB 1:1  Ord av Jeremia Hilkiason, ein av prestarne i Anatot i Benjaminslandet.
Jere NorSMB 1:2  Til honom kom Herrens ord i dei dagarne då Josia Amonsson var konge i Juda, i det trettande styringsåret hans,
Jere NorSMB 1:3  likeins i dei dagarne då Jojakim Josiason var konge i Juda alt til slutten av det ellevte styringsåret åt Sidkia Josiason, Juda-kongen, alt til burtføringi av Jerusalems-buarne i den femte månaden.
Jere NorSMB 1:5  Fyrr eg skapte deg i morsliv, kjende eg deg, og fyrr du kom ut or moderfang, helga eg deg; til profet åt folki sette eg deg.
Jere NorSMB 1:6  Men eg sagde: «Å, Herre, Herre! Sjå, eg kann ikkje med å tala, for eg er so ung.»
Jere NorSMB 1:7  Då sagde Herren med meg: Seg ikkje: «Eg er so ung,» men til alle som eg sender deg til, skal du ganga, og alt det eg byd deg, skal du tala.
Jere NorSMB 1:8  Ikkje ottast deim! For eg er med deg til å berga deg, segjer Herren.
Jere NorSMB 1:9  Og Herren rette ut si hand og tok på munnen min. So sagde Herren med meg: Sjå, eg hev lagt ordi mine i din munn.
Jere NorSMB 1:10  Sjå, eg hev i dag sett deg yver folki og yver kongeriki til å ryskja upp og riva ned, til å tyna og brjota ned, til å byggja og til å planta.
Jere NorSMB 1:11  Og Herrens ord kom til meg; han sagde: Kva ser du, Jeremia? Og eg svara: «Ein stav av vake-treet ser eg.»
Jere NorSMB 1:12  Og Herren sagde med meg: Gløgt såg du no, for vaka vil eg yver mitt ord til å fullføra det.
Jere NorSMB 1:13  So kom Herrens ord til meg andre gongen; han sagde: Kva ser du? Og eg svara: «Ei sjodande gryta ser eg, og nordantil snur ho seg hit.»
Jere NorSMB 1:14  Då sagde Herren med meg: Frå nord kjem ulukka sendande yver alle som bur i landet.
Jere NorSMB 1:15  For sjå, eg kallar på kvar ei ætt i riki der nord, segjer Herren. Og dei skal koma og setja kvar sin stol attmed inngangen til portarne i Jerusalem og mot alle murarne um det rundt ikring og mot alle byarne i Juda.
Jere NorSMB 1:16  Og eg vil segja mine domar yver deim for alt deira illverk, at dei vende seg frå meg og brende røykjelse åt andre gudar og tilbad dei verk deira hender gjorde.
Jere NorSMB 1:17  Men du - gyrd dine lender og statt upp og tala til deim alt det som eg byd deg. Ikkje ræddast for deim, so ikkje eg skal gjera deg rædd deim!
Jere NorSMB 1:18  Og eg, sjå eg hev i dag gjort deg til ei fast borg og til ein jarnstolpe og til ein koparmur mot alt landet: mot kongarne i Juda, mot hovdingarne, mot prestarne og mot lyden i landet.
Jere NorSMB 1:19  Dei skal strida mot deg og ikkje vinna på deg. For eg er med deg, segjer Herren, og skal berga deg.