MARK
Chapter 16
Mark | NorSMB | 16:1 | Då kviledagen var ende, kjøpte Maria Magdalena og Jakobs-Maria og Salome angande kryddor; for dei vilde ganga av stad og salva honom. | |
Mark | NorSMB | 16:2 | Ovtidleg den fyrste dagen i vika - det var so vidt soli hadde runne - kom dei til gravi. | |
Mark | NorSMB | 16:5 | Då dei kom inn i gravi, såg dei ein ung mann, som sat på høgre sida, klædd i ein lang kvit kjole. Dei vart forfærde; | |
Mark | NorSMB | 16:6 | men han sagde: «Ver ikkje forfærde! De leitar etter Jesus frå Nasaret, han som vart krossfest! Han hev stade upp att; han er ikkje her. Sjå her er staden der dei lagde honom. | |
Mark | NorSMB | 16:7 | Men gakk no av stad og seg med læresveinarne hans og med Peter at han gjeng fyre dykk til Galilæa; der skal de sjå honom, som han hev sagt dykk.» | |
Mark | NorSMB | 16:8 | Då gjekk dei ut att og rømde frå gravi; for fælska hadde teke deim, so dei skalv og var mest ifrå seg. Og dei tala ’kje eit ord til nokon, so rædde var dei. | |
Mark | NorSMB | 16:9 | Då Jesus hadde stade upp att, tidleg den fyrste dagen i vika, synte han seg fyrst for Maria Magdalena, som han hadde drive sju vonde ånder utor. | |
Mark | NorSMB | 16:10 | Ho gjekk av stad og sagde det til deim som hadde vore med honom, og som no syrgde og gret. | |
Mark | NorSMB | 16:11 | Men då dei fekk høyra at han livde, og at ho hadde set honom, vilde dei ikkje tru det. | |
Mark | NorSMB | 16:12 | Sidan synte han seg i ein annan skapnad for tvo av dei, som gjekk etter vegen og skulde ut på landet. | |
Mark | NorSMB | 16:14 | Seinare synte han seg for dei elleve sjølve, med dei sat til bords; og han lasta deim for vantrui og tråskapen deira, at dei ikkje trudde deim som hadde set honom etter han var staden upp att. | |
Mark | NorSMB | 16:15 | Og han sagde til deim: «Gakk ut i all verdi og kunngjer evangeliet for all skapningen! | |
Mark | NorSMB | 16:16 | Den som trur og vert døypt, skal verta frelst, men den som ikkje trur, skal verta fordømd. | |
Mark | NorSMB | 16:17 | Og desse teikni skal fylgja deim som trur: I mitt namn skal dei driva ut vonde ånder; dei skal tala med nye tungor; | |
Mark | NorSMB | 16:18 | dei skal taka ormar i henderne, og um dei drikk noko som det er gift i, so skal det ikkje skada deim; legg dei henderne på sjuke, so skal dei få att helsa.» | |
Mark | NorSMB | 16:19 | Etter Herren Jesus hadde tala til deim, vart han teken upp til himmels og sette seg ved Guds høgre hand. | |