Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
MARK
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 7
Mark NorSMB 7:1  Farisæarane og nokre skriftlærde som var komne frå Jerusalem, samla seg ein gong kring Jesus.
Mark NorSMB 7:2  For dei hadde set at nokre av læresveinarne hans åt maten sin med ureine - dei meinte: utvegne hender;
Mark NorSMB 7:3  og farisæarane og alle jødar tvær alltid henderne vel fyrr dei et; det er ein skikk dei hev frå dei gamle, og den held dei seg etter;
Mark NorSMB 7:4  og når dei kjem frå torget, et dei ikkje fyrr dei hev skvett vatn yver seg; og mykje anna er det som hev vorte sed og skikk hjå deim, som å skylja koppar og krus og koparkjelar og benkjer.
Mark NorSMB 7:5  So kom då farisæarane og dei skriftlærde og spurde honom: «Kvi fylgjer ikkje læresveinarne dine dei skikkarne me hev frå dei gamle, men et maten sin med ureine hender?»
Mark NorSMB 7:6  Han svara: «Jesaja spådde sant um dykk, de hyklarar, som det stend skrive: «Med lipporn’ lovar dei meg, denne lyden, Men hugen deira han er langt ifrå meg.
Mark NorSMB 7:7  D’er liten mun i at dei meg vil æra, Når det dei lærer folk er mannebod.»
Mark NorSMB 7:8  De ansar ikkje Guds bod, men held dykk etter menneskjelærdom.
Mark NorSMB 7:9  Å jau, det er rett fint åtfare,» sagde han, «at de gjer Guds bod um inkje, so de kann fylgja skikkarne dykkar!
Mark NorSMB 7:10  Moses hev sagt: «Du skal æra far din og mor di!» og: «Den som bannar far sin eller mor si, skal døy!»
Mark NorSMB 7:11  Men de segjer: «Når ein mann talar so til far sin eller mor si: «Det som eg kunde ha hjelpt deg med, skal vera ein korban» - det er: ei tempelgåva -
Mark NorSMB 7:12  so let de honom ikkje lenger få lov til å gjera noko for foreldri sine.
Mark NorSMB 7:13  Soleis gjer de Guds ord um inkje med skikkarne dykkar, som de hev lært folk. Og slikt gjer de mykje av.»
Mark NorSMB 7:14  So kalla han folket til seg att og sagde med deim: «Høyr på meg alle, og tenk på det eg segjer!
Mark NorSMB 7:15  Det finst ingen ting utanfor menneskjet som kann gjera honom urein um det kjem inn i honom; men det som kjem ut or menneskjet, det er det som gjer honom urein.
Mark NorSMB 7:17  Då han var komen inn og hadde skilst ifrå folket, spurde læresveinarne honom um dette ordtøket.
Mark NorSMB 7:18  «Er de og so uvituge?» svara han. «Skynar de ’kje at det som kjem inn i menneskjet utantil, kann aldri gjera honom urein?
Mark NorSMB 7:19  For det kjem ikkje inn i hjarta hans, men i buken, og fer ut der det skal; soleis vert all føda rein.
Mark NorSMB 7:20  Men det som gjeng ut or menneskjet,» sagde han, «det gjer honom urein.
Mark NorSMB 7:21  For innantil, or menneskjehjarta, kjem dei vonde tankarne: lauslivnad, tjuvskap, manndråp,
Mark NorSMB 7:22  egteskapsbrot, girugskap, vondskap, svik, ukjurskap, ovund, gudsspotting, ovmod, vitløysa.
Mark NorSMB 7:23  Alt dette vonde kjem innantil, og gjer menneskjet ureint.»
Mark NorSMB 7:24  So tok han ut derifrå, og for burt til Tyrus-bygderne. Der gjekk han inn ein stad, og vilde ikkje nokon skulde vita det; men det kunde ikkje dyljast.
Mark NorSMB 7:25  Ei kona hadde ei liti dotter som det var ei urein ånd i; då ho fekk høyra um honom, kom ho straks og kasta seg ned for føterne hans;
Mark NorSMB 7:26  det var ei heidningkona, av syro-fønikisk ætt. Og ho bad at han vilde driva den vonde åndi ut or dotter hennar.
Mark NorSMB 7:27  «Lat fyrst borni få eta seg mette!» svara han; «det er ’kje vænt å taka brødet frå borni og kasta det for hund-ungarne.»
Mark NorSMB 7:28  «Jau, Herre,» svara ho; «små-hundarne et då og under bordet av smularne etter borni.»
Mark NorSMB 7:29  Då sagde Jesus: «For det ordet skuld kann du ganga heim att; den vonde åndi hev fare ut or dotter di.»
Mark NorSMB 7:30  Då ho so kom heim, fann ho barnet liggjande på sengi, og åndi hadde fare ut.
Mark NorSMB 7:31  Då han tok ut att frå Tyrus-bygderne, for han um Sidon til Galilæasjøen, midt igjenom Dekapolis-bygdi.
Mark NorSMB 7:32  Då kom dei til honom med ein som var dauv og godtsom mållaus, og bad han vilde leggja henderne på honom.
Mark NorSMB 7:33  Jesus tok honom til sides, burt ifrå folkehopen, stakk fingrarne sine i øyro hans, og vætte tunga hans med råke av munnen sin.
Mark NorSMB 7:34  So såg han upp imot himmelen og sukka, og sagde til honom: «Effata!» - det er: «Lat deg upp!»
Mark NorSMB 7:35  Då vart øyro hans upplatne, bandet losna av tunga, og han tala klårt.
Mark NorSMB 7:36  Jesus forbaud deim å segja det med nokon. Men di meir han forbaud det, di meir bar dei det utyver.
Mark NorSMB 7:37  Dei var reint tekne og sagde: «Han hev gjort alt vel! dei dauve gjev han høyrsel, og dei mållause mæle.»