MARK
Chapter 2
Mark | NorSMB | 2:1 | Då det leid um nokre dagar, kom han til Kapernaum att, og det spurdest at han var heime. | |
Mark | NorSMB | 2:2 | Då samla der seg so mykje folk at det ikkje var rom åt fleire, ikkje ein gong framfor døri, og han tala Guds ord til deim. | |
Mark | NorSMB | 2:4 | og då dei ikkje kunde koma fram til Jesus for folkestimen, tok dei burt taksteinarne der som han var og braut hol i taket og fira ned sengi som den lame låg i. | |
Mark | NorSMB | 2:5 | Og då Jesus såg trui deira, sagde han til den lame: «Son, synderne dine er tilgjevne!» | |
Mark | NorSMB | 2:7 | «Kvi talar den mannen so? Han spottar Gud! Kven kann tilgjeva synder utan ein - Gud?» | |
Mark | NorSMB | 2:8 | Jesus kjende straks i hugen sin at dei tenkte so, og han sagde: «Kvi hyser de slike tankar i hjarta? | |
Mark | NorSMB | 2:9 | Kva er lettast å segja til den lame: «Synderne dine er tilgjevne!» eller å segja: «Statt upp, tak sengi di og gakk?» | |
Mark | NorSMB | 2:10 | Men so de skal vita at Menneskjesonen hev magt til å tilgjeva synder på jordi, so segjer eg deg» - sagde han til den lame -: | |
Mark | NorSMB | 2:12 | Då stod han upp, tok sengi si i same stund og gjekk ut for alle manns augo, so dei alle vart mest frå seg av undring, og lova Gud og sagde: «Slikt hev me aldri set fyrr!» | |
Mark | NorSMB | 2:14 | Som han no gjekk frammed der, fekk han sjå Levi Alfæusson - han sat på tollbudi - og Jesus sagde til honom: «Fylg meg!» Då reiste han seg og fylgde honom. | |
Mark | NorSMB | 2:15 | So hende det at Jesus var til bords i huset hans, og mange tollmenner og syndarar sat saman med honom og læresveinarne hans; for dei var mange, og dei fylgde honom. | |
Mark | NorSMB | 2:16 | Og då dei skriftlærde millom farisæarane såg at han åt i lag med syndarar og tollmenner, sagde dei til læresveinarne hans: «Et han i lag med tollmenner og syndarar?» | |
Mark | NorSMB | 2:17 | Jesus høyrde det og sagde til deim: «Det er ’kje dei friske som treng lækjar, men dei som hev vondt. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.» | |
Mark | NorSMB | 2:18 | Både læresveinarne åt Johannes og læresveinarne åt farisæarane heldt fasta. Og folk kom og spurde Jesus: «Korleis hev det seg at læresveinarne åt Johannes og åt farisæarane fastar, men dine læresveinar fastar ikkje?» | |
Mark | NorSMB | 2:19 | «Kann brudlaupsfolket fasta med brudgomen er hjå deim?» svara Jesus; «so lenge dei hev brudgomen hjå seg, kann dei då ikkje fasta. | |
Mark | NorSMB | 2:20 | Men skal kjem ei tid då brudgomen vert teken ifrå deim; då, når den dagen kjem, skal dei fasta. | |
Mark | NorSMB | 2:21 | Ingen saumar ein lapp av ustampa ty på eit gamalt klædeplagg; elles riv boti burt noko av plagget - det nye tyet av det gamle - og rifti vert større. | |
Mark | NorSMB | 2:22 | Og ingen hev ny vin på gamle lerflaskor; elles sprengjer vinen flaskorne og vinen øydest, og flaskorne med: Nei - ny vin på nye lerflaskor!» | |
Mark | NorSMB | 2:23 | Ein gong bar det so til at han gjekk yver åkrarne på kviledagen, og læresveinarne tok til å riva av aks, med dei gjekk etter vegen. | |
Mark | NorSMB | 2:24 | Då sagde farisæarane med honom: «Sjå kva dei gjer på kviledagen! det som ingen hev lov til!» | |
Mark | NorSMB | 2:25 | Han svara: «Hev de aldri lese kva David gjorde då han leid naud og svalt, han og dei som var med honom? | |
Mark | NorSMB | 2:26 | korleis han gjekk inn i Guds hus den tid Abjatar var øvsteprest, og åt skodebrødi - dei som ingen utan prestarne hev lov til å eta - og gav fylgjet sitt med seg?» | |
Mark | NorSMB | 2:27 | So sagde han til deim: «Kviledagen vart til for menneskja skuld, og ikkje menneskja for kviledagen skuld. | |