Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
MARK
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 1
Mark NorSMB 1:1  Upphavet til evangeliet um Jesus Kristus, Guds Son.
Mark NorSMB 1:2  Hjå Jesaja, profeten, stend det skrive: «Framfyre deg min ærendsvein eg sender; Der du vil fara, skal han vegen rydja» -
Mark NorSMB 1:3  «Høyr han som ropar i heidi: «Rydje vegen åt Herren, jamna stigarne hans!»»
Mark NorSMB 1:4  Soleis stod Johannes, døyparen, fram i øydemarki, og ropa ut umvendingsdåp til forlating for synderne.
Mark NorSMB 1:5  Og heile Judaland kom ut til honom, og alt Jerusalems-folket, og han døypte deim i Jordanåi, med dei sanna synderne sine.
Mark NorSMB 1:6  Johannes var klædd i kamelhår og hadde eit lerbelte kring livet, og det han åt, var grashoppar og villhonning.
Mark NorSMB 1:7  Og han tala til folket og sagde: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg; eg er ’kje verdig å bøygja meg ned og løysa skobandet hans.
Mark NorSMB 1:8  Eg hev døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med den Heilage Ande.»
Mark NorSMB 1:9  I dei dagarne hende det, at Jesus kom frå Nasaret i Galilæa og vart døypt i Jordan av Johannes.
Mark NorSMB 1:10  Og med det same han steig upp or vatnet, såg han korleis himmelen opna seg, og Anden dala ned til honom som ei duva.
Mark NorSMB 1:11  Og frå himmelen kom det ei røyst: «Du er Son min, som eg elskar! Deg hev eg hugnad i!»
Mark NorSMB 1:13  og han var i øydemarki i fyrti dagar og vart freista av Satan, og heldt til millom villdyri, og englarne tente han.
Mark NorSMB 1:14  Då Johannes var sett i fengsel, kom Jesus til Galilæa og kunngjorde evangeliet frå Gud
Mark NorSMB 1:15  og sagde: «Tidi er fullkomi, og Guds rike er nær! Vend um og tru på evangeliet!»
Mark NorSMB 1:16  Då han ein gong for frammed Galilæasjøen, fekk han sjå Simon og Andreas, bror hans; dei var åt og sette garn i sjøen, for dei var fiskarar.
Mark NorSMB 1:17  Han sagde til deim: «Kom og fylg meg, so skal eg setja dykk til å vera menneskje-fiskarar!»
Mark NorSMB 1:18  Då gjekk dei beint frå garni sine og fylgde honom.
Mark NorSMB 1:19  Då han kom litt lenger fram, såg han Jakob, son åt Sebædeus, og Johannes, bror hans; dei var og i båten sin og greidde garni.
Mark NorSMB 1:20  Og med ein gong kalla han deim, og dei gav seg med honom, og let far sin, Sebedæus, vera att i båten med leigefolket.
Mark NorSMB 1:21  So kom dei til Kapernaum, og fyrste kviledag gjekk han inn i synagoga og lærde folket.
Mark NorSMB 1:22  Og dei var reint upp i under yver læra hans; for han lærde deim som ein som hev velde, og ikkje som dei skriftlærde.
Mark NorSMB 1:23  Den gongen var det der i lyden ein mann med ei urein ånd; han sette i og ropa:
Mark NorSMB 1:24  «Kva vil du oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å gjera ende oss? Eg veit kven du er - den Heilage frå Gud.»
Mark NorSMB 1:25  Jesus truga den ureine åndi og sagde: «Teg still, og far ut or honom!»
Mark NorSMB 1:26  Då reiv ho og sleit i honom og ill-hua, og for ut or honom.
Mark NorSMB 1:27  Og alle vart forfærde og spurde seg imillom: «Kva er dette? Ei ny og ageleg læra! Jamvel dei ureine ånderne lyt lystra, når han talar til deim!»
Mark NorSMB 1:28  Og gjetordet um honom for straks yver alle Galilæa-bygderne derikring.
Mark NorSMB 1:29  Frå synagoga gjekk dei beint heim til Simon og Andreas, i lag med Jakob og Johannes.
Mark NorSMB 1:30  Vermor åt Simon låg sjuk og hadde hiteflagor, og dei tala straks til Jesus um henne.
Mark NorSMB 1:31  Han gjekk burt til henne og tok henne i handi og reiste henne upp. Då slepte sotti henne, og ho tok til å stella for deim.
Mark NorSMB 1:32  Då det vart kveld, og soli var gladd, kom dei til honom med alle som hadde vondt eller var forgjorde,
Mark NorSMB 1:34  Og han lækte mange som drogst med ymse sjukdomar, og dreiv ut mange vonde ånder, men han let ’kje ånderne få lov til å tala, av di dei kjende honom.
Mark NorSMB 1:35  I otta, fyrr det vart dag, reis han upp og gjekk ut og burt til ein øydestad; der heldt han bøn.
Mark NorSMB 1:36  Simon og dei som var med honom, skunda seg etter honom,
Mark NorSMB 1:37  og då dei fann honom, sagde dei til honom: «Alle leitar etter deg!»
Mark NorSMB 1:38  Men Jesus svara: «Lat oss fara til ein annan stad, til grenderne her innmed, so eg kann få tala for folket der og; for det var det eg gjekk ut for.»
Mark NorSMB 1:39  So gjekk han kring i heile Galilæa og tala i synagogorne deira og dreiv dei vonde ånderne ut.
Mark NorSMB 1:40  Ein som hadde spillsykja kom og fall på kne for honom og bad: «Dersom du vil, kann du gjera meg rein!»
Mark NorSMB 1:41  Jesus tykte vondt um honom, og rette ut handi og tok burtpå honom og sagde: «Eg vil; vert rein!»
Mark NorSMB 1:42  Og med ein gong gjekk spillsykja av honom, og han vart rein.
Mark NorSMB 1:43  Jesus tala strengt til honom, og bad honom ganga sin veg straks.
Mark NorSMB 1:44  «Agta deg at du ikkje segjer dette med nokon,» sagde han, «men gakk burt og te deg for presten, og ber fram det offeret for reinsingi di som Moses hev sagt, so du kann vitna for deim!»
Mark NorSMB 1:45  Men mannen var ’kje fyrr komen ut, fyrr han tok til å tala mykje um det og bera det utyver, so Jesus ikkje lenger kunde ganga berrsynt inn i nokon by; han heldt seg utanfor, på øydestader, og der kom dei til honom frå alle kantar.