Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
OBADIAH
1
Chapter 1
Obad NorSMB 1:1  Syni hans Obadja. So segjer Herren, Herren til Edom: Fretnad hev me fengje frå Herren, og bod er bore ut millom folki: «Kom! Lat oss fara til strid imot det!»
Obad NorSMB 1:2  Ja, liten gjer eg deg millom folki, og ovleg vanvyrd vert du.
Obad NorSMB 1:3  Ditt hjartans ovmod hev dåra deg, du som i bergrivor byggjar, og bur i den høge heimen og segjer i ditt hjarta: «Kven kastar meg ned?»
Obad NorSMB 1:4  Um du enn byggjer høgt som ørnen, og reiret ditt ligg millom stjernorne, eg kastar deg ned derifrå, segjer Herren.
Obad NorSMB 1:5  Um tjuvar kom til deg eller ransmenn um natti - kor du vert reint til inkjes! - Vilde dei ’kje stela det dei trong? Og kom dei og hausta ditt vinberg, vilde dei ’kje leiva etter seg?
Obad NorSMB 1:6  Å, kor dei ransakar Esau, kor dei granskar hans skattar!
Obad NorSMB 1:7  Radt til landskilet driv dei deg alle dine sambandsbrøder; dei svik deg og vinn på deg dine gode vener. I staden for brød legg dei snara for deg som ikkje hev vit.
Obad NorSMB 1:8  Skal eg ikkje den dagen, segjer Herren, øyda ut dei vise or Edom, og vitet or Esaufjelli?
Obad NorSMB 1:9  Dei fæler kjemporne, Teman, so kvar mann or Esaufjelli vert utrudd og drepen.
Obad NorSMB 1:10  For vald imot Jakob, bror din, skal du sveipast i skjemsla, ja, øydast til æveleg tid.
Obad NorSMB 1:11  Den dagen du stod der og såg på, då framande rana hans eiga, og utlendingar kom i hans port og kasta lut um Jerusalem, då var du og som ein av dei.
Obad NorSMB 1:12  Sjå ikkje med hugnad på bror din’s dag, på hans motgangsdag, og gled deg ei yver Juda-borni, på øydingsdagen, og bruk ikkje bause ord på trengsledagen!
Obad NorSMB 1:13  Drag ikkje inn igjenom mitt folks port på uferdsdagen! Sjå ikkje du og med lyst på hans naud på uferdsdagen! Rett ikkje handi etter hans eiga på uferdsdagen!
Obad NorSMB 1:14  Og ikkje du stande ved vegemot til å rydja ut deim som rømar! Og fli ikkje ut deim som bergar seg på trengsledagen!
Obad NorSMB 1:15  For Herrens dag er nær yver alle folki. Som du hev gjort, skal det gjerast med deg, di åtferd kjem att yver hovudet ditt.
Obad NorSMB 1:16  Som de hev drukke på mitt heilage fjell, skal alle folki drikka stødt, ja, drikka og slurpa og verta som aldri dei vore til.
Obad NorSMB 1:17  Men på Sionsfjellet skal det vera ein flokk av frelste, og det skal vera ein heilagdom, og Jakobs hus skal få att si odelseiga.
Obad NorSMB 1:18  Og Jakobs hus vert eld og Josefs hus ein loge, og Esaus hus vert til halm og eld set dei på det og øyder det ut, og ingen vert att av Esaus hus, for Herren hev tala.
Obad NorSMB 1:19  Og Sudlands-folket skal taka Esaufjellet og Låglands-folket filistarane, dei skal taka Efraims-bygdi og Samaria-bygdi, og Benjamin skal taka Gilead.
Obad NorSMB 1:20  Og dei burtførte av denne fylking av Israels-borni skal taka det som finst av kananitar alt til Sarefat, og dei burtførde frå Jerusalem som er i Sefarad, skal taka Sudlands-byarne i eiga.
Obad NorSMB 1:21  Og frelsarar skal draga upp på Sionsfjellet og døma Esaufjellet, og kongsveldet skal høyra Herren til.