Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ACTS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 24
Acts NorSMB 24:1  Fem dagar etter kom øvstepresten Ananias ned med nokre av styresmennerne og ein talar, Tertullus; dei bar fram for landshovdingen klaga mot Paulus.
Acts NorSMB 24:2  Han vart då kalla fram, og Tertullus tok til å klaga honom og sagde:
Acts NorSMB 24:3  «Då me kann takka deg for mykjen fred, og det ved di umsut er gjort rettarbøter for dette folket i alle måtar og alle stader, so skynar me på dette, megtigaste Feliks, med all takksemd.
Acts NorSMB 24:4  Men at eg ikkje skal hefta deg for lenge, so bed eg at du med ditt godlynde vil høyra på oss som stuttast!
Acts NorSMB 24:5  For me hev funne at denne mannen er ein pest og ein uppøsar millom alle jødarne yver heile mannheimen og ein hovudmann for serflokken nasaræarane.
Acts NorSMB 24:6  Han hev endå søkt å vanhelga templet; og me greip honom då og vilde døma honom etter vår lov.
Acts NorSMB 24:7  Men Lysias, den øvste hovudsmannen, kom og førde honom burt frå våre hender med stort valdsverk,
Acts NorSMB 24:8  og han baud klagarane hans å koma til deg; og av honom kann du sjølv, når du ransakar det, få kunnskap um alt det som me klagar honom for.»
Acts NorSMB 24:9  Men jødarne sanna med og sagde at dette hadde seg soleis.
Acts NorSMB 24:10  Men då landshovdingen nikka til honom, at han kunde få tala, so svara Paulus: «Då eg veit at du hev vore domar for dette folket i mange år, fører eg mitt forsvar med fritt mod;
Acts NorSMB 24:11  for du kann vissa deg um at det ikkje er meir enn tolv dagar sidan eg gjekk upp til Jerusalem og vilde tilbeda.
Acts NorSMB 24:12  Og korkje i templet eller i synagogorne eller ikring i byen fann dei meg talande med nokon eller eggjande folk til upprør.
Acts NorSMB 24:13  Og dei kann ikkje heller prova for deg dette som dei klagar meg for.
Acts NorSMB 24:14  Men det sannar eg for deg, at etter den vegen som dei kallar ein serflokk, tener eg so min fedregud, at eg trur alt som er skrive i lovi og profetarne,
Acts NorSMB 24:15  og hev den voni til Gud som desse og sjølve ventar, at det skal koma ei uppstoda av daude, både av rettferdige og urettferdige.
Acts NorSMB 24:16  Difor legg eg sjølv vinn på alltid å hava eit uskadt samvit for Gud og menneskje.
Acts NorSMB 24:17  Då mange år var lidne, kom eg hit og skulde gjeva mitt folk milde gåvor og ofra,
Acts NorSMB 24:18  og dermed fann dei meg i templet, då eg hadde reinsa meg utan folkestim og utan uppstyr; men det var nokre jødar frå Asia,
Acts NorSMB 24:19  og dei skulde koma fram for deg og klaga, um dei hadde noko å bera på meg.
Acts NorSMB 24:20  Eller lat desse sjølve segja kva skuld dei fann hjå meg, då eg stod framfor rådet!
Acts NorSMB 24:21  utan det skulde vera for dette eine ordet som eg ropa ut, då eg stod millom deim: «For uppstoda av daude stend eg i dag for retten millom dykk!»»
Acts NorSMB 24:22  Men Feliks sette ut saki, då han visste betre um Guds veg, og han sagde: «Når Lysias, hovudsmannen, kjem her ned, skal eg prøva saki dykkar.»
Acts NorSMB 24:23  Og han baud hovudsmannen halda honom i varetekt og lata honom hava ro og ikkje hindra nokon av hans eigne frå å vera honom til tenesta.
Acts NorSMB 24:24  Då nokre dagar var farne, kom Feliks med Drusilla, kona si, som var ei jødisk kvinna, og sende bod etter Paulus og høyrde honom um trui på Kristus.
Acts NorSMB 24:25  Men då han tala um rettferd og fråhald og den komande dom, vart Feliks rædd og svara: «Gakk burt denne gongen! når eg fær gode stunder, skal eg kalla deg til meg att.»
Acts NorSMB 24:26  Han hadde og den voni, at han skulde få pengar av Paulus; difor sende han og oftare bod etter honom og tala med honom.
Acts NorSMB 24:27  Då tvo år var lidne, fekk Feliks til ettermann Porcius Festus; og då Feliks vilde vinna seg takk av jødarne, let han Paulus bunden etter seg.