ACTS
Chapter 15
Acts | NorSMB | 15:1 | Og det kom nokre ned frå Judæa og lærde brørne: «Dersom de ikkje vert umskorne etter Mose sedvane, so kann de ikkje verta frelste.» | |
Acts | NorSMB | 15:2 | Då der no vart strid, og Paulus og Barnabas kom i ikkje so lite ordskifte med deim, tok dei den råd at Paulus og Barnabas og nokre andre av deim skulde fara upp til apostlarne og dei eldste i Jerusalem for dette spursmålet skuld. | |
Acts | NorSMB | 15:3 | Kyrkjelyden fylgde deim eit stykke på veg, og so drog dei gjenom Fønikia og Samaria og fortalde um korleis heidningarne hadde vendt um; og dei gjorde alle brørne stor gleda. | |
Acts | NorSMB | 15:4 | Og då dei nådde fram til Jerusalem, vart dei fagna av kyrkjelyden og apostlarne og dei eldste, og dei fortalde kor store ting Gud hadde gjort ved deim. | |
Acts | NorSMB | 15:5 | Men det reiste seg nokre av farisæarflokken som hadde teke ved trui, og sagde: «Ein må umskjera deim og påleggja deim å halda Mose lov.» | |
Acts | NorSMB | 15:7 | Då det so vart eit kvast ordskifte, stod Peter upp og sagde til deim: «Brør! de veit at Gud for lenge sidan gjorde det utval millom dykk, at ved min munn skulde heidningarne få høyra ordet um evangeliet og koma til trui. | |
Acts | NorSMB | 15:8 | Og Gud, som kjenner hjarto, han vitna for deim, då han gav deim den Heilage Ande liksom oss; | |
Acts | NorSMB | 15:10 | Kvi freistar de då Gud no med å leggja på nakken til læresveinarne eit ok som korkje federne våre eller me orka å bera? | |
Acts | NorSMB | 15:12 | Då tagde heile mengdi, og dei høyrde på Barnabas og Paulus, som fortalde kor store teikn og under Gud hadde gjort millom heidningarne ved deim. | |
Acts | NorSMB | 15:14 | Simeon hev fortalt korleis Gud frå det fyrste såg til å få seg eit folk av heidningar for sitt namn. | |
Acts | NorSMB | 15:16 | «Deretter vil eg venda tilbake og byggja upp att Davids nedfalne hytta, og det som er nedrive av henne, vil eg byggja upp att, og nyreisa det, | |
Acts | NorSMB | 15:17 | so dei andre menneskje skal søkja Herren, ja, alle heidningfolki som mitt namn er nemnt yver,» segjer Herren, som gjer dette, | |
Acts | NorSMB | 15:19 | Difor dømer eg at ein ikkje skal tyngja deim av heidningarne som umvender seg til Gud, | |
Acts | NorSMB | 15:20 | men skriva til deim at dei skal halda seg frå ureinskap ved avgudar og frå hor og frå det som er strøypt og frå blod. | |
Acts | NorSMB | 15:21 | For Moses hev frå gamle dagar i kvar by deim som forkynner honom, då han vert upplesen i synagogorne kvar kviledag.» | |
Acts | NorSMB | 15:22 | Då vedtok apostlarne og dei eldste saman med heile kyrkjelyden å velja ut menner millom seg og senda deim til Antiokia med Paulus og Barnabas: det var Judas, med tilnamnet Barsabbas, og Silas, som var høgvyrde menner millom brørne. | |
Acts | NorSMB | 15:23 | Og dei skreiv dette med deim: «Apostlarne og dei eldste og brørne helsar brørne av heidningarne i Antiokia og Syria og Kilikia. | |
Acts | NorSMB | 15:24 | Etter di me hev høyrt at nokre som er komne frå oss, hev skræmt dykk upp ved sin tale og uroa sjælerne dykkar - me hev ikkje gjeve deim noko pålegg - | |
Acts | NorSMB | 15:25 | so hev me samrådde vedteke å velja ut nokre menner og senda deim til dykk saman med våre kjære brør Barnabas og Paulus, | |
Acts | NorSMB | 15:28 | For den Heilage Ande og me hev vedteke at me ikkje vil leggja nokor byrd på dykk utyver desse naudturvelege ting: | |
Acts | NorSMB | 15:29 | at de held dykk frå avgudsoffer og blod og det strøypte og hor; og de vil finna dykk vel ved å vara dykk for desse ting. Liv vel!» | |
Acts | NorSMB | 15:30 | Då no desse var sende av stad, kom dei til Antiokia, og dei kalla heile kyrkjelyden saman og gav deim brevet. | |
Acts | NorSMB | 15:32 | Judas og Silas, som sjølv var profetar, trøysta brørne med mange ord og styrkte deim, | |
Acts | NorSMB | 15:33 | og då dei hadde vore der ei tid, let brørne deim fara med fred til deim som hadde sendt deim. | |
Acts | NorSMB | 15:35 | Men Paulus og Barnabas drygde i Antiokia og lærde og forkynte Herrens ord ved evangeliet saman med mange andre. | |
Acts | NorSMB | 15:36 | Men etter nokre dagar sagde Paulus til Barnabas: «Lat oss gjera ferdi upp att og sjå til våre brør i kvar by der me forkynte Herrens ord, korleis dei hev det!» | |
Acts | NorSMB | 15:38 | Men Paulus tykte ikkje dei skulde taka honom med, som hadde skilt seg frå deim i Pamfylia og ikkje gjenge med deim til deira gjerning. | |
Acts | NorSMB | 15:39 | Det kom då til ein kvass strid, so dei skildest frå kvarandre, og Barnabas tok Markus med seg og siglde av til Kypern. | |
Acts | NorSMB | 15:40 | Men Paulus valde Silas til fylgjesvein og drog ut etter at brørne hadde gjeve honom yver til Herrens nåde. | |