Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
EPHESIANS
1 2 3 4 5 6
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 3
Ephe NorSMB 3:1  For den skuld bøygjer eg mine kne, eg, Paulus, Kristi Jesu fange for dykk heidningar -
Ephe NorSMB 3:2  um de elles hev høyrt um hushaldet med den Guds nåde som eg hev fenge for dykk,
Ephe NorSMB 3:3  at han ved openberring kunngjorde meg den løyndomen so som eg ovanfor hev skrive med få ord,
Ephe NorSMB 3:4  so de av det, når de les det, kann sjå mitt skyn på Kristi løyndom,
Ephe NorSMB 3:5  som i forne tidebolkar ikkje hev vorte kunngjord for menneskjeborni, so som han no er openberra for hans heilage apostlar og profetar ved Anden:
Ephe NorSMB 3:6  at heidningarne er medervingar og høyrer med til likamen og hev lut med i lovnaden i Kristus Jesus ved evangeliet,
Ephe NorSMB 3:7  det som eg vart tenar for etter den Guds nådegåva som eg hev fenge ved verknaden av hans magt.
Ephe NorSMB 3:8  Eg, den aller ringaste av alle dei heilage, fekk denne nåden, å forkynna heidningarne evangeliet um Kristi uransakelege rikdom
Ephe NorSMB 3:9  og upplysa alle um korleis hushaldet er med den løyndomen som frå ævelege tider hev vore løynd i Gud, som hev skapt alle ting,
Ephe NorSMB 3:10  for di at Guds mangfaldige visdom no gjenom kyrkja skulde verta kunngjord for magterne og herredømi i himmelen,
Ephe NorSMB 3:11  etter den fyresetning frå ævelege tider som han fullførde i Kristus Jesus, vår Herre,
Ephe NorSMB 3:12  han som me hev fenge fritt mod ved og tilgjenge med tillit ved trui på honom.
Ephe NorSMB 3:13  Difor bed eg at de ikkje må tapa modet ved dei trengslor eg lid for dykk, og som er dykkar æra. -
Ephe NorSMB 3:14  For den skuld bøygjer eg mine kne for Faderen,
Ephe NorSMB 3:15  som er den rette fader for alt som heiter barn i himmelen og på jordi,
Ephe NorSMB 3:16  at han etter rikdomen av sin herlegdom må gjeva dykk å verta styrkte med kraft ved hans Ande i dykkar indre menneskje,
Ephe NorSMB 3:17  at Kristus må bu ved trui i dykkar hjarto, [Stu21: 18] so de, rotfeste og grunnfeste i kjærleik,
Ephe NorSMB 3:18  må magtast å fata med alle dei heilage, kva breidd og lengd og dypt og høgd det er,
Ephe NorSMB 3:19  og kjenna Kristi kjærleik, som gjeng yver all kunnskap, so de kann verta fyllte til all Guds fylla.
Ephe NorSMB 3:20  Men honom som er megtig til å gjera yver alle ting, ovlangt yver det som me bed um eller skynar, etter den kraft som er verksam i oss,
Ephe NorSMB 3:21  honom vera æra i kyrkja og i Kristus Jesus gjenom alle ætter i alle ævor! Amen.