EPHESIANS
Chapter 5
Ephe | NorSMB | 5:2 | og ferdast i kjærleik, liksom Kristus elska oss og gav seg sjølv for oss til ei gåva og eit offer, Gud til ein hugleg ange! | |
Ephe | NorSMB | 5:3 | Men utukt og all ureinskap eller havesykja må ikkje eingong verta nemnde millom dykk, so som det sømer seg for heilage, | |
Ephe | NorSMB | 5:4 | og skjemdarferd og dårlegt svall og lauslyndt skjemt, som alt saman er usømelegt, men heller takksegjing! | |
Ephe | NorSMB | 5:5 | For dette veit de og skynar, at ingen horkar eller urein eller girug - som er ein avgudsdyrkar - hev arv i Kristi og Guds rike. | |
Ephe | NorSMB | 5:6 | Lat ingen dåra dykk med tome ord! for av slike ting kjem Guds vreide yver dei vantruande! | |
Ephe | NorSMB | 5:11 | og hav inkje samlag med dei fruktlause gjerningar av myrkret; men refs deim heller! | |
Ephe | NorSMB | 5:13 | men når det vert refst, vert det alt saman openberra av ljoset; for alt som vert openberra, er ljos. | |
Ephe | NorSMB | 5:14 | Difor segjer skrifti: «Vakna, du som søv, og statt upp frå dei daude, og Kristus skal lysa for deg!» | |
Ephe | NorSMB | 5:19 | so de talar til kvarandre med salmar og lovsongar og åndelege visor og syng og leikar i dykkar hjarto for Herren, | |
Ephe | NorSMB | 5:23 | For mannen er hovudet for kona, liksom Kristus er hovudet for kyrkja, han som er frelsaren for sin likam. | |
Ephe | NorSMB | 5:24 | Men liksom kyrkja er Kristus undergjevi, so skal og konorne vera sine eigne menner undergjevne i alle ting. | |
Ephe | NorSMB | 5:25 | De menner, elska konorne dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne, | |
Ephe | NorSMB | 5:27 | so han kunde framstella kyrkja for seg i herlegdom, utan flekk eller rukka eller noko slikt, men so ho kunde vera heilag og ulasteleg. | |
Ephe | NorSMB | 5:28 | Soleis er mennerne skuldige til å elska konorne sine som sine eigne likamar. Den som elskar si kona, elskar seg sjølv. | |
Ephe | NorSMB | 5:29 | For aldri hev nokon hata sitt eige kjøt, men han føder og fjelgar det, liksom Kristus gjer med kyrkja; | |
Ephe | NorSMB | 5:31 | Difor skal mannen skiljast med far og mor og halda seg hjå kona si, og dei tvo skal vera eitt kjøt. | |