Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
EPHESIANS
1 2 3 4 5 6
Prev Up Next
Chapter 5
Ephe NorSMB 5:1  Vert difor Guds etterfylgjarar som hans kjære born,
Ephe NorSMB 5:2  og ferdast i kjærleik, liksom Kristus elska oss og gav seg sjølv for oss til ei gåva og eit offer, Gud til ein hugleg ange!
Ephe NorSMB 5:3  Men utukt og all ureinskap eller havesykja må ikkje eingong verta nemnde millom dykk, so som det sømer seg for heilage,
Ephe NorSMB 5:4  og skjemdarferd og dårlegt svall og lauslyndt skjemt, som alt saman er usømelegt, men heller takksegjing!
Ephe NorSMB 5:5  For dette veit de og skynar, at ingen horkar eller urein eller girug - som er ein avgudsdyrkar - hev arv i Kristi og Guds rike.
Ephe NorSMB 5:6  Lat ingen dåra dykk med tome ord! for av slike ting kjem Guds vreide yver dei vantruande!
Ephe NorSMB 5:8  For de var fordom myrker, men no er de ljos i Herren; ferdast som born av ljoset
Ephe NorSMB 5:9  - for frukti av ljoset syner seg i all godleik og rettferd og sanning -
Ephe NorSMB 5:11  og hav inkje samlag med dei fruktlause gjerningar av myrkret; men refs deim heller!
Ephe NorSMB 5:12  For det som løynlegt vert gjort av deim, er det skamlegt endå berre å tala um;
Ephe NorSMB 5:13  men når det vert refst, vert det alt saman openberra av ljoset; for alt som vert openberra, er ljos.
Ephe NorSMB 5:14  Difor segjer skrifti: «Vakna, du som søv, og statt upp frå dei daude, og Kristus skal lysa for deg!»
Ephe NorSMB 5:15  Sjå difor til korleis de kann ferdast varleg, ikkje som uvise, men som vise,
Ephe NorSMB 5:16  so de kjøper den laglege tid; for dagarne er vonde!
Ephe NorSMB 5:17  Ver difor ikkje uvituge, men skyna kva Herrens vilje er!
Ephe NorSMB 5:18  Og fyll dykk ikkje med vin, som det er skamløysa i, men vert fyllte med Anden,
Ephe NorSMB 5:19  so de talar til kvarandre med salmar og lovsongar og åndelege visor og syng og leikar i dykkar hjarto for Herren,
Ephe NorSMB 5:20  og alltid takkar Gud og Faderen for alle ting i vår Herre Jesu Kristi namn,
Ephe NorSMB 5:22  De konor, ver dykkar eigne menn undergjevne som Herren!
Ephe NorSMB 5:23  For mannen er hovudet for kona, liksom Kristus er hovudet for kyrkja, han som er frelsaren for sin likam.
Ephe NorSMB 5:24  Men liksom kyrkja er Kristus undergjevi, so skal og konorne vera sine eigne menner undergjevne i alle ting.
Ephe NorSMB 5:25  De menner, elska konorne dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne,
Ephe NorSMB 5:26  so han kunde helga henne, med di han reinsa henne ved vatsbadet i ordet,
Ephe NorSMB 5:27  so han kunde framstella kyrkja for seg i herlegdom, utan flekk eller rukka eller noko slikt, men so ho kunde vera heilag og ulasteleg.
Ephe NorSMB 5:28  Soleis er mennerne skuldige til å elska konorne sine som sine eigne likamar. Den som elskar si kona, elskar seg sjølv.
Ephe NorSMB 5:29  For aldri hev nokon hata sitt eige kjøt, men han føder og fjelgar det, liksom Kristus gjer med kyrkja;
Ephe NorSMB 5:31  Difor skal mannen skiljast med far og mor og halda seg hjå kona si, og dei tvo skal vera eitt kjøt.
Ephe NorSMB 5:32  Denne løyndomen er stor - men eg tenkjer på Kristus og kyrkja.
Ephe NorSMB 5:33  Men de og skal elska kvar si kona som seg sjølv, og kona hava age for mannen.