EPHESIANS
Chapter 6
Ephe | NorSMB | 6:4 | Og de feder, arga ikkje dykkar born, men fostra deim upp i Herrens tukt og påminning! | |
Ephe | NorSMB | 6:5 | De tenarar, ver lyduge mot dykkar herrar etter kjøtet med age og otte i dykkar hjartans einfelde som mot Kristus, | |
Ephe | NorSMB | 6:6 | ikkje med augnetenesta, liksom dei som vil tekkjast menneskje, men som Kristi tenarar, so de gjer Guds vilje av hjarta | |
Ephe | NorSMB | 6:8 | då de veit, at kva godt kvar gjer, det skal han få att av Herren, anten han so er tenar eller fri mann. | |
Ephe | NorSMB | 6:9 | Og de herrar, gjer det same mot deim, so de let vera å truga; for de veit at både deira og dykkar Herre er i himmelen, og han gjer ikkje skil på folk. | |
Ephe | NorSMB | 6:12 | For me hev ikkje strid mot blod og kjøt, men mot herrevelde, mot magter, mot heimsens herrar, som råder i myrkret i denne tid, mot vondskaps åndeher i himmelrømdi. | |
Ephe | NorSMB | 6:13 | Tak difor Guds fulle herbunad på, so de kann standa imot på den vonde dag og verta standande når de hev vunne yver alt. | |
Ephe | NorSMB | 6:16 | Og tak attåt alt dette tru-skjolden, so de dermed kann sløkkja alle gloande piler frå den vonde! | |
Ephe | NorSMB | 6:18 | medan de alltid bed i Anden med all bøn og påkalling og er årvakne deri med all trott og bøn for alle dei heilage, | |
Ephe | NorSMB | 6:19 | og for meg med, at det må verta gjeve meg ord når eg opnar min munn, til å forkynna fritt mod løyndomen i evangeliet, | |
Ephe | NorSMB | 6:20 | den som eg er sendebod for i lekkjor, at eg må tala med frimod um det, soleis som eg bør tala. | |
Ephe | NorSMB | 6:21 | Men at de og kann få vita um mitt tilstand, korleis det gjeng meg, skal Tykikus kunngjera dykk alt, han den kjære bror og true tenar i Herren, | |
Ephe | NorSMB | 6:22 | som eg just difor sender til dykk at de skal få vita korleis det er med oss, og at han kann trøysta dykkar hjarto. | |