EZEKIEL
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
Chapter 45
Ezek | NorSMB | 45:1 | Og når de lutar ut landet til odel, so skal de gjeva ei gåva åt Herren, ein heilag-lut av landet, fem og tjuge tusund på lengdi og ti tusund på breiddi. Det skal vera heilagt i all si vidd rundt ikring. | |
Ezek | NorSMB | 45:2 | Av dette skal det vera åt heilagdomen fem hundrad på lengd og fem hundrad på breidd, i ein firkant rundt ikring. Og til utmark rundt kringum det femti alner. | |
Ezek | NorSMB | 45:3 | Soleis skal du etter dette målet mæla fem og tjuge tusund på lengdi og ti tusund på breiddi, og i det skal heilagdomen, det høgheilage, vera. | |
Ezek | NorSMB | 45:4 | Det er ein heilag-lut av landet. Han skal vera åt prestarne som gjer tenesta i heilagdomen, dei som fær koma nær til Herren og tena honom. Det skal vera til hustufter åt deim og til heilag-tufter åt heilagdomen. | |
Ezek | NorSMB | 45:5 | Og fem og tjuge tusund på lengdi og ti tusund på breiddi skal vera åt levitarne, tenarane i huset. Til eiga skal dei hava tjuge gardar. | |
Ezek | NorSMB | 45:6 | Og til eiga åt byen skal de gjeva fem tusund på breiddi og fem og tjuge tusund på lengdi, jamsides med luten åt heilagdomen; det skal vera åt Israels-lyden. | |
Ezek | NorSMB | 45:7 | Og fyrsten skal hava sin lut på båe sidorne åt heilagdoms-luten og by-eigedomen, frammed heilagdoms-luten og by-eigedomen, på vestsida vestetter, og på austsida, austetter, og han skal vera jamlang med ein arvlut åt ei ætt, frå grensa åt havet til austgrensa. | |
Ezek | NorSMB | 45:8 | Dette skal han hava til land, til eiga i Israel. Og fyrstarne mine skal aldri meir tyngja folket mitt, men lata Israels-lyden hava landet som det vert etla åt ætterne. | |
Ezek | NorSMB | 45:9 | So segjer Herren, Herren: No lyt det vera nok, de fyrstar i Israel! Få burt vald og trælking, og gjer rett og rettferd! Haldt upp med å driva folket mitt frå gard og grunn! segjer Herren, Herren. | |
Ezek | NorSMB | 45:11 | Ein efa og ein bat skal vera like store, so ein bat er tiandeparten av ein homer og ein efa tiandeparten av ein homer; etter homeren skal deira mål vera. | |
Ezek | NorSMB | 45:12 | Ein sekel skal vera tjuge gera. Tjuge seklar, fem og tjuge seklar, femtan seklar, det skal vera ei mina hjå dykk. | |
Ezek | NorSMB | 45:13 | Dette er den reida de skal gjeva: setteparten av ein efa av kvar homer kveite, og likeins skal de gjeva setteparten av ein efa av kvar homer bygg. | |
Ezek | NorSMB | 45:14 | Og den visse reida av olje, rekna i bat: tiandeparten av ein bat av kvar kor - som er ti bat eller ein homer, for ein homer er ti bat - | |
Ezek | NorSMB | 45:15 | og av småfeet eitt lamb av tvo hundrad frå det vatsrike beitelandet i Israel til grjonoffer og til brennoffer og takkoffer, til å gjera soning for deim, segjer Herren, Herren. | |
Ezek | NorSMB | 45:17 | Men fyrsten skal hava den skyldnaden: å leggja til brennofferi og grjonofferet og drykkofferet i helgarne og på nymånedagarne og på kviledagarne, på alle høgtiderne hjå Israels-lyden. Han skal greida med syndofferet og grjonofferet og takkofferi til å gjera soning for Israels-lyden. | |
Ezek | NorSMB | 45:18 | So segjer Herren, Herren: Den fyrste dagen i fyrste månaden skal du taka ein lytelaus ungukse og reinsa heilagdomen frå synd. | |
Ezek | NorSMB | 45:19 | Og presten skal taka noko av syndofferblodet og strjuka på dørskierne i huset og på dei fire hyrno på altarskori og på dørskierne i porten åt den indre fyregarden. | |
Ezek | NorSMB | 45:20 | Og likeins skal du gjera den sjuande dagen i månaden for den som hev synda uviljande eller av fåkunna. Og de skal gjera soning for huset. | |
Ezek | NorSMB | 45:21 | Den fjortande dagen i fyrste månaden skal de halda påskehelg. I høgtidi, i sju dagar, skal de eta usyrt brød. | |
Ezek | NorSMB | 45:22 | Den same dagen skal fyrsten ofra ein ukse til syndoffer for seg og for all landslyden. | |
Ezek | NorSMB | 45:23 | Og dei sju høgtidsdagarne skal han ofra åt Herren eit brennoffer: sju lytelause uksar og sju lytelause verar kvar dag i dei sju dagarne, og til syndoffer ein bukk kvar dag. | |
Ezek | NorSMB | 45:24 | Og til grjonoffer skal han ofra ein efa med kvar ukse og ein efa med kvar ver og ein åttung olje med kvar efa. | |