Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
GENESIS
Prev Up Next
Chapter 13
Gene NorSMB 13:1  So for Abram frå Egyptarland upp til Sudlandet med kona si og alt det han åtte, og Lot var med honom.
Gene NorSMB 13:2  Og Abram var ovleg rik, både på bufe og på sylv og på gull.
Gene NorSMB 13:3  Sidan for han frå Sudlandet, dagsleid etter dagsleid, til dess han kom til Betel, til den staden som han fyrr hadde havt tjeldbudi si, millom Betel og Aj,
Gene NorSMB 13:4  der det altaret stod som han hadde bygt fyrste gongen han var der. Og der kalla Abram på Herren.
Gene NorSMB 13:5  Men Lot, som fylgdest med Abram, hadde og sauer og naut og tjeldbuder.
Gene NorSMB 13:6  Og landet kunde ikkje føda deim, når dei budde i hop; dei hadde so mykje fe at dei kunde ikkje bu saman.
Gene NorSMB 13:7  So vart det trætta millom deim som gjætte for Abram og deim som gjætte for Lot. Og kananitarne og perizitarne budde då der i landet.
Gene NorSMB 13:8  Då sagde Abram med Lot: «Kjære deg, lat det ikkje vera trætta millom meg og deg, og millom mine hyrdingar og dine. Me er då brør!
Gene NorSMB 13:9  Hev du ikkje heile landet fyre deg? Skil då heller lag med meg! Tek du til vinstre, so skal eg taka til høgre, og tek du til høgre, so skal eg taka til vinstre.»
Gene NorSMB 13:10  Då skoda Lot ikring seg, og såg at heile Jordan-kverven, alt burtåt Soar, var rik på vatn yver alt, som Herrens hage, som Egyptarlandet - fyrr Herren lagde Sodoma og Gomorra i øyde.
Gene NorSMB 13:11  Og Lot valde seg ut heile Jordan-kverven. So tok Lot austigjenom, og dei skildest frå einannan:
Gene NorSMB 13:12  Abram vart buande i Kana’ans-land, og Lot budde i byarne i Jordan-kverven, og lægra alt burtåt Sodoma.
Gene NorSMB 13:13  Men mennerne i Sodoma var vonde, og synda groveleg mot Herren.
Gene NorSMB 13:14  Og Herren sagde til Abram, etter Lot hadde skilt lag med honom: «Lat upp augo dine og sjå ikring deg frå den staden du stend, nordetter og sudetter og austetter og vestetter!
Gene NorSMB 13:15  For alt det landet du ser, vil eg gjeva deg og di ætt til æveleg tid.
Gene NorSMB 13:16  Og eg vil lata ætti di verta som dusti på jordi: kann nokon telja dusti på jordi, so kann dei og telja di ætt.
Gene NorSMB 13:17  Upp, og far landet igjenom, so langt og so breidt som det er! For deg vil eg gjeva det.»
Gene NorSMB 13:18  So flutte Abram tjeldbuderne, og kom til eikelunden åt Mamre i Hebron. Der vart han buande, og bygde Herren eit altar.