GENESIS
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
Chapter 14
Gene | NorSMB | 14:1 | I den tidi då Amrafel var konge i Sinear, og Arjok konge i Ellasar, og Kedorlaomer konge i Elam, og Tideal konge yver heidningarne, | |
Gene | NorSMB | 14:2 | då hende det at det vart ufred millom dei kongarne og Bera, kongen i Sodoma, og Birsa, kongen i Gomorra, og Sineab, kongen i Adma, og Semeber, kongen i Sebojim, og kongen i Bela, som no heiter Soar. | |
Gene | NorSMB | 14:5 | Og det fjortande året kom Kedorlaomer og dei kongarne som var med honom, og slo under seg refa’itarne i Asterot-Karnajim og zuzitarne i Ham og emitarne på Kirjatajimsletta | |
Gene | NorSMB | 14:6 | og horitarne på fjelli deira, Se’irfjelli, alt til Paranlunden, som er utmed øydemarki. | |
Gene | NorSMB | 14:7 | So snudde dei um, og kom til Domskjelda, der som Kades ligg, og lagde under seg alt Amalekitarlandet og amoritarne med, dei som budde i Haseson-Tamar. | |
Gene | NorSMB | 14:8 | Og kongen i Sodoma og kongen i Gomorra og kongen i Adma og kongen i Sebojim og kongen i Bela, som no heiter Soar, dei tok ut, og fylkte heren sin imot deim i Siddimdalen, | |
Gene | NorSMB | 14:9 | mot Kedorlaomer, kongen i Elam, og Tideal, kongen yver heidningarne, og Amrafel, kongen i Sinear, og Arjok, kongen i Ellasar, fire kongar mot fem. | |
Gene | NorSMB | 14:10 | Men i Siddimdalen var det fullt av jordbikgrover. Og kongarne i Sodoma og Gomorra laut røma, og då stupte dei ned i groverne; og dei som att var, rømde til fjells. | |
Gene | NorSMB | 14:12 | Og dei tok Lot, brorson hans Abram, og godset hans og drog av med; for han budde i Sodoma. | |
Gene | NorSMB | 14:13 | Men ein av deim som hadde kome seg undan, bar bod um alt dette til Abram, hebræaren, som budde i eikelunden åt Mamre, amoriten. Og Mamre, han var bror åt Eskol og Aner, og dei var alle i samlag med Abram. | |
Gene | NorSMB | 14:14 | Då no Abram høyrde at brorson hans var fanga, tok han ut med alle sine fullrøynde sveinar, som var fødde og fostra i huset hans, tri hundrad og attan i talet, og sette etter deim alt til Dan. | |
Gene | NorSMB | 14:15 | Der bytte han sund flokken sin, og tok på deim um natti med sveinarne sine, og han vann yver deim, og elte deim radt til Hoba, som ligg nordanfor Damaskus. | |
Gene | NorSMB | 14:16 | So tok han att alt godset, og Lot, brorson sin, og hans gods tok han og att, og kvendi og hitt folket med. | |
Gene | NorSMB | 14:17 | Då han so var på heimvegen og hadde vunne yver Kedorlaomer og dei kongarne som var med honom, kom kongen i Sodoma imot honom til Flatedal, der som no heiter Kongsdalen. | |
Gene | NorSMB | 14:18 | Og Melkisedek, kongen i Salem, kom ut med brød og vin. Han var prest åt Gud den Høgste. | |
Gene | NorSMB | 14:19 | Og han velsigna honom og sagde: «Gud den Høgste, han som eiger Jord og himmel, signe Abram! | |
Gene | NorSMB | 14:20 | Gud den Høgste vere lova! I di hand gav han din fiend.» Og Abram gav honom tiend av alt. | |
Gene | NorSMB | 14:22 | Då sagde Abram med kongen i Sodoma: «Eg retter upp handi til Herren, Gud den Høgste, han som eig himmel og jord: | |
Gene | NorSMB | 14:23 | Ikkje so mykje som ein tråd eller ei skoreim tek eg imot av det som ditt er. Du skal ikkje hava det å segja: «Eg gjorde Abram rik.» | |