GENESIS
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
Chapter 50
Gene | NorSMB | 50:1 | Og Josef lutte seg ned yver andlitet åt far sin, og gret uppyver honom og kysste honom. | |
Gene | NorSMB | 50:2 | Og Josef bad lækjarane som han hadde i si tenesta, at dei skulde salva liket åt far hans. So salva dei liket åt Israel. | |
Gene | NorSMB | 50:3 | Og det gjekk fyrti dagar med til det; for so lang tid tek det å salva eit lik. Og egyptarane gret yver honom i sytti dagar. | |
Gene | NorSMB | 50:4 | Då syrgjedagarne etter honom var utlidne, tala Josef til hirdi åt Farao og sagde: «Hev de aldri so lite godvilje for meg, so gjer vel og ber fram desse ordi mine til Farao og seg: | |
Gene | NorSMB | 50:5 | «Far min tok ein eid av meg og sagde: «No lyt eg døy! I grefti mi, som eg let grava åt meg i Kana’ans-landet, der skal du jorda meg!» Lat meg difor fara upp og jorda far min og so koma hit att!»» | |
Gene | NorSMB | 50:7 | So for Josef upp og skulde jorda far sin, og med honom for alle mennerne åt Farao, dei høgste i hirdi hans og alle dei øvste i Egyptarlandet, | |
Gene | NorSMB | 50:8 | og heile huset hans Josef, og brørne hans og husfolket åt far hans. Berre småborni sine og sauerne og nauti sine let dei vera att i Gosenlandet. | |
Gene | NorSMB | 50:10 | Då dei kom til Goren-Ha’atad, som er på hi sida åt Jordan, heldt dei ei stor og ovende vyrdeleg syrgjehøgtid, og han gjorde likferd etter far sin i sju dagar. | |
Gene | NorSMB | 50:11 | Og då kananitarne, som budde der i landet, såg likferdi i Goren-Ha’atad, sagde dei: «Det er ei drusteleg likferd egyptarane held der!» Difor kallar dei den staden Egyptarvollen. Han er på hi sida åt Jordan. | |
Gene | NorSMB | 50:13 | Og dei førde honom til Kana’ans-landet, og jorda honom i helleren på Makpelagjordet, det gjordet som Abraham hadde kjøpt av Hets-sønerne til eigande gravstad, austanfor Mamre. | |
Gene | NorSMB | 50:14 | Og då Josef hadde jorda far sin, for han attende til Egyptarland, både han og brørne hans og alle dei som hadde vore med honom upp og jorda far hans. | |
Gene | NorSMB | 50:15 | Då brørne åt Josef såg at far deira var burte, sagde dei: «Berre ikkje Josef kjem til å sitja etter oss gjera oss like for alt det vonde me gjorde mot honom!» | |
Gene | NorSMB | 50:16 | So sende dei bod til Josef og sagde: «Far din bad oss, fyrr han døydde, at me skulde bera fram dette bodet til deg: | |
Gene | NorSMB | 50:17 | «So skal de segja med Josef,» sagde han: «Å kjære, gode deg, gløym det brotet og den syndi brørne dine gjorde, då dei for so stygt med deg!» So gløym no brotet vårt; me tener då og same Gud som far din!» Og Josef gret, då dei tala so til honom. | |
Gene | NorSMB | 50:18 | So kom brørne hans sjølve og kasta seg å gruve for honom og sagde: «Sjå her kjem me og vil vera tenarane dine!» | |
Gene | NorSMB | 50:20 | De tenkte å gjera meg vondt, men Gud tenkte det til det gode, av di han vilde gjera som han no hev gjort, og berga livet åt mykje folk. | |
Gene | NorSMB | 50:21 | So ver no ikkje rædde! Eg skal syta for dykk og for borni dykkar.» Og han hugga deim og tala blidt til deim. | |
Gene | NorSMB | 50:22 | Josef vart buande i Egyptarland, både han og farsfolket hans. Og Josef livde hundrad og ti år. | |
Gene | NorSMB | 50:23 | Og Josef fekk sjå barneborn åt Efraim, og borni åt Makir, son hans Manasse, fekk han og taka i fanget. | |
Gene | NorSMB | 50:24 | Og Josef sagde med brørne sine: «No lyt eg døy. Men Gud skal lydast til dykk og fylgja dykk upp or dette landet til det landet som han hev lova Abraham og Isak og Jakob.» | |
Gene | NorSMB | 50:25 | Og Josef tok ein eid av Israels-sønerne, og sagde: «Når Gud kjem og hentar dykk, då skal de taka beini mine med her ifrå.» | |