Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
GENESIS
Prev Up Next
Chapter 25
Gene NorSMB 25:1  Og Abraham tok seg ei kona att; ho heitte Ketura.
Gene NorSMB 25:2  Med henne fekk han Simran og Joksan og Medan og Midjan og Jisbak og Suah.
Gene NorSMB 25:3  Og Joksan var far til Sjeba og Dedan. Og sønerne hans Dedan var Assurar og Letusar og Leummar.
Gene NorSMB 25:4  Og sønerne hans Midjan var Efa og Efer og Hanok og Abida og Elda’a. Alle desse var borni hennar Ketura.
Gene NorSMB 25:6  Men sønerne åt fylgjekonorne sine gav Abraham gåvor og let deim flytja burt frå Isak, son sin, og taka austetter, til Austerland, medan han endå livde.
Gene NorSMB 25:7  Og dette er dagarne hans Abraham og den alderen han nådde: hundrad og fem og sytti år.
Gene NorSMB 25:8  Og Abraham sålast og døydde etter ein god alderdom, gamall og mett av dagar, og kom til federne sine.
Gene NorSMB 25:9  Og Isak og Ismael, sønerne hans, jorda honom i Makpelahelleren, på gjordet hans Efron, son åt Sohar, hetiten, austanfor Mamre,
Gene NorSMB 25:10  det gjordet som Abraham hadde kjøpt av Hets-sønerne. Der vart Abraham og Sara, kona hans, jorda.
Gene NorSMB 25:11  Men då Abraham var slokna, gav Gud velsigningi si til Isak, son hans. Og Isak, han budde attmed «Kjelda åt den som liver, og ser meg».
Gene NorSMB 25:12  Dette er ættartalet åt Ismael, son hans Abraham, han som Abraham fekk med Hagar frå Egyptarland, terna hennar Sara.
Gene NorSMB 25:13  Og dette er namni på sønerne hans Ismael, dei namni som er i ættarsoga deira: Nebajot, det var eldste son hans Ismael, og Kedar og Adbe’el og Mibsam
Gene NorSMB 25:16  Dette var sønerne hans Ismael, og dette var namni deira, med grenderne og lægri deira, tolv ættarhovdingar.
Gene NorSMB 25:17  Og dette er liveåri hans Ismael: hundrad og sju og tretti år. Og han sålast og døydde, og kom til federne sine.
Gene NorSMB 25:18  Og dei budde frå Havila til Sur, som ligg midt for Egyptarland, når du tek leidi mot Assur. Midt for augo åt alle brørne sine slo han seg ned.
Gene NorSMB 25:20  Abraham var far åt Isak. Og Isak var fyrti år gamall, då han gifte seg med Rebekka, dotter åt Betuel, aramæaren frå Mesopotamia, syster åt Laban, aramæaren.
Gene NorSMB 25:21  Og Isak bad til Herren for Rebekka, kona si, av di ho var barnlaus. Og Herren høyrde bøni hans, og Rebekka, kona hans, vart umhender.
Gene NorSMB 25:22  Men borni drogst i livet hennar. Då sagde ho: «Er det so, kvi skal eg då vera til?» Og ho gjekk av stad og spurde Herren.
Gene NorSMB 25:23  Og Herren sagde til henne: «I livet ditt er lydar tvo, Tvo folk skal frå ditt fang seg greina; Eitt folk er sterkare enn hitt. Den eldre skal den yngre tena!»
Gene NorSMB 25:24  Då so tidi hennar kom, at ho skulde eiga barn, sjå, då var det tvillingar i livet hennar.
Gene NorSMB 25:25  Og den som kom fyrst, var raud, og loden yver allan, som ein feld; so kalla dei honom Esau.
Gene NorSMB 25:26  Og då bror hans kom, heldt han med handi i hælen på Esau. So kalla dei honom Jakob. Då dei kom til verdi, var Isak seksti år gamall.
Gene NorSMB 25:27  Og sveinarne voks upp, og Esau vart ein glup veidemann, og heldt til i skog og mark; men Jakob var ein mild og fredsam kar, og heldt seg heime, attmed tjeldbuderne.
Gene NorSMB 25:28  Og Isak tykte gildast um Esau, for han åt gjerne vilt; men Rebekka tykte gildast um Jakob.
Gene NorSMB 25:29  Ein gong koka Jakob ein velling; då kom Esau heim av skogen, og var trøytt og mod.
Gene NorSMB 25:30  Og Esau sagde med Jakob: «Å lat meg få gløypa i meg noko av det raude, dette raude der; eg er reint kvitt!» Difor kallar dei honom Edom.
Gene NorSMB 25:32  Og Esau sagde: «Du ser, eg er åt og skal døy; kva skal eg då med odelen?»
Gene NorSMB 25:33  «Gjer fyrst eiden på det!» sagde Jakob. So gjorde Esau eiden på det, og selde odelen sin til Jakob.
Gene NorSMB 25:34  Og Jakob gav Esau brød og linsevelling, og han åt, og drakk, og reis upp, og gjekk sin veg. So lite vyrde Esau odelen.